Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om fengslinga av demokratiaktivistar i Burma/Myanmar (28.08.07)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen ser med uro på at regjeringa i Burma/Myanmar nyleg har arrestert fleire opposisjonsleiarar, særleg frå gruppa «Generation 88», som protesterte mot dei økonomiske byrdene som er lagde på det burmesiske folket.

Den europeiske unionen ser med uro på at regjeringa i Burma/Myanmar nyleg har arrestert fleire opposisjonsleiarar, særleg frå gruppa «Generation 88», som protesterte mot den kraftige auken i prisane på drivstoff og dei økonomiske byrdene som er lagde på det burmesiske folket. 

Den europeiske unionen fordømmer denne avgjerda om å internere personar som nytta seg av den grunnleggjande retten dei har til å demonstrere på fredeleg vis. 

Den europeiske unionen ber òg styresmaktene i Burma/Myanmar om straks å setje fri Daw Aung San Suu Kyi, opposisjonsleiarane og dei politiske fangane, særleg dei som er blitt arresterte dei siste dagane, og at dei saman med alle dei ulike delane av samfunnet i Burma/Myanmar innleiar den opne og inkluderande dialogen som er ein føresetnad for dei politiske reformene ein har venta på så lenge. 

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.