Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om 10-årsdagen for opprettinga av Hongkong spesielle administrative region (28.06.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen sender sine oppriktige gratulasjonar til Hongkong spesielle administrative region i høve 10-årsdagen for opprettinga av regionen.

Den europeiske unionen sender sine oppriktige gratulasjonar til Hongkong spesielle administrative region i høve 10-årsdagen for opprettinga av regionen. Prinsippet «eitt land, to system» har stort sett fungert bra i praksis, og Hongkong er i dag framleis i framgang.

Tilhøvet mellom Den europeiske unionen og Hongkong har utvikla seg positivt på alle område etter at Hongkong igjen kom under kinesisk suverenitet i 1997. Dei mellomfolkelege kontaktane har nytt godt av at innbyggjarane i Hongkong kan reise inn i EU utan visum. Dessutan har òg tollsamarbeidsavtalen frå 1999 mellom EU og Hongkong medverka til å fremje ein uavhengig økonomi i Hongkong.

Slik Den europeiske unionen ser det, har prinsippet «eitt land, to system», slik det er skissert i den kinesisk-britiske felleserklæringa frå 1984, sikra ein vedvarande stabilitet og velstand for Hongkong.

I tillegg støttar Den europeiske unionen den respekten for menneskerettane og dei individuelle fridomane som er fastsett i felleserklæringa og nedfelt i Hongkongs grunnlov, særleg når det gjeld sjølvstendet og handlefridomen til den utøvande, lovgjevande og dømmande makta i Hongkong.

Den europeiske unionen har òg tiltru til at den store graden av sjølvstende som Hongkong er sikra i felleserklæringa og som er nedfelt i grunnlova, òg vil vere der i framtida, og at det om ikkje lenge vil bli gjort viktige steg i retning av allmenn røysterett.

For ytterlegare å medverke til den politiske, økonomiske og sosiale utviklinga i Hongkong vil Den europeiske unionen halde fram med å utvikle og utdjupe samarbeidet og dialogen med Hongkong spesielle administrative region.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.