Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om stabilitet i området kring dei store sjøane – situasjonen i den austlege delen av Den demokratiske republikken Kongo (15.10.07)

Den europeiske unionen gjev uttrykk for alvorleg uro over at valden held fram og at det framleis er ustabilt i visse område i dei austlege delane av Den demokratiske republikken Kongo, særleg i det nordlege Kivu.

Den europeiske unionen gjev uttrykk for alvorleg uro over at valden held fram og at det framleis er ustabilt i visse område i dei austlege delane av Den demokratiske republikken Kongo, særleg i det nordlege Kivu.

Unionen er svært uroa over konsentrasjonen av militære styrkar og over at opprøraren general Laurent Nkunda har brote våpenkvilen og at Rwandas demokratiske frigjeringshær (FDLR) og andre ulovlege, væpna grupper held fram med aktivitetane sine.

Den europeiske unionen oppmodar alle dei involverte partane om straks å stogge krigshandlingane for å hindre ei militær opptrapping og unngå at den humanitære situasjonen på staden skal bli ytterlegare forverra. På bakgrunn av at Laurent Nkunda oppmoda til våpenkvile 10. oktober, bør framlegget hans om å integrere 500 av mennene hans i hæren gjennomførast straks. Dette bør bli følgt opp av ei full integrering av styrkane hans i næraste framtid. EU ber om at det blir oppretta ein konstruktiv dialog på dette grunnlaget.

Den europeiske unionen stadfester på nytt støtta si til dei kongolesiske styresmaktene, som er dei einaste legitime styresmaktene som har suverenitet over heile territoriet til Den demokratiske republikken Kongo. EU ber dei innstendig om å nytte dette høvet til å finne ei fredeleg løysing på den noverande krisa. Samstundes vil EU peike på at det er viktig å hindre nærværet av alle andre irregulære styrkar i det austlege Kongo (FDLR og Mai-Mai) og å arbeide for at alle flyktningar kan vende attende.

Den europeiske unionen understrekar at ei einsidig militær tilnærming til problema i dei austlege delane av landet berre vil gjere situasjonen verre, særleg på det humanitære området, og at det er rimeleg at ei slik tilnærming vil få negative konsekvensar for stabiliteten i regionen. EU understrekar at det er viktig med ei samla og samanhengande tilnærming til dei ulike problema i dei austlege delane av landet, som påverkar ikkje berre freden og stabiliteten men òg den humanitære situasjonen, respekten for menneskerettane, spørsmål knytte til reformer i tryggingssektoren, den økonomiske utviklinga og den regionale integreringa. EU seier seg glad for framlegget frå president Kabila om å arrangere ein konferanse om fred og utvikling i Kivu-områda, som bør haldast så snart råd er.

Den europeiske unionen er framleis særskilt uroa over at dei væpna gruppene i Den demokratiske republikken Kongo rekrutterer barnesoldatar. EU er svært uroa over meldingar om alvorlege brot på menneskerettane, medrekna at det er oppdaga massegraver og tilfelle av systematisk seksuell vald, og ber om at det blir sett i gang granskingar for å identifisere dei ansvarlege og få slutt på straffridomen. I denne samanhengen stør Den europeiske unionen prosessen med å utarbeide ein nasjonal handlingsplan ut frå FN-resolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik, som blei sett i verk av dei kongolesiske styresmaktene 19. september 2007.

Den europeiske unionen seier seg glad for dei mange diplomatiske kontaktane på høgt plan som har funne stad dei seinaste vekene, særleg i samband med generalforsamlinga i New York, og oppmodar innstendig dei kongolesiske styresmaktene og landa i regionen om å halde fram med dialog og samråd.

Den europeiske unionen understrekar på nytt støtta si til aktivitetane til MONUC i Den demokratiske republikken Kongo, særleg aust i landet, og vil halde fram med forsøka sine på å fremje fred og forsoning.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Aserbajdsjan, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.