Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Litvinenko-saka (18.07.07)

Formannskapet minner om erklæringa si frå 1. juni om mordet på Alexander Litvinenko, eit alvorleg og omsynslaust brotsverk.

Formannskapet minner om erklæringa si frå 1. juni om mordet på Alexander Litvinenko, eit alvorleg og omsynslaust brotsverk. EU uttrykkjer si misnøye med at Russland ikkje har lukkast med å samarbeide med dei britiske styresmaktene på ein konstruktiv måte. EU strekar under kor viktig det er at Den russiske føderasjonen straks inngår eit konstruktivt samarbeid om denne saka. EU håper at denne saka vil få ei tilfredsstillande løysing, ei sak som stiller viktige spørsmål av felles interesse for medlemsstatane i EU.