Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Rådets felles haldning 2007/338/FUSP av 14. mai 2007 om vidareføring av visse restriktive tiltak mot Usbekistan (23.05.07)

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, i tillegg til Republikken Moldova, erklærer at dei deler målsetjingane i Rådets felles haldning 2007/338/FUSP av 14. mai 2007 om vidareføring av visse restriktive tiltak mot Usbekistan – som blei offentleggjord 16. mai 2007 i Tidend for Den europeiske unionen nr. L 128, s. 50. 

Dei vil sørgje for at deira nasjonale politikk er i samsvar med denne felles haldninga. 

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.