Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen etter presidentvalet i Armenia 1. mars 2008 (04.03.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen ser med stor uro på situasjonen i Republikken Armenia etter presidentvalet der. EU fordømmer valdshandlingane i samband med hendingane 1. mars, då menneskeliv gjekk tapt og fleire vart skadde.

Den europeiske unionen ser med stor uro på situasjonen i Republikken Armenia etter presidentvalet der. EU fordømmer valdshandlingane i samband med hendingane 1. mars, då menneskeliv gjekk tapt og fleire vart skadde.

EU oppmodar dei armenske styresmaktene til å setje fri borgarar som er fengsla for å ha gjort bruk av retten til å samlast på fredeleg vis, og å oppheve unntakstilstanden, som innskrenkar mediefridommen og forsamlingsfridommen og legg restriksjonar på dei politiske partia.

EU rår Armenia til å gjennomføre ei uavhengig gransking av hendingane 1. mars og årsakene til dei.

EU ber alle politiske krefter innstendig om å avstå frå ulovlege handlingar og å ta opp att den politiske dialogen, sidan det er det einaste som kan føre fram. Konstruktiv dialog mellom styresmaktene og opposisjonen er svært viktig for å konsolidere freden og stabiliteten i landet.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Republikken Moldova stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.