Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om våpenkvila i Burundi (03.06.08)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar:

Den europeiske unionen ser positivt på at forhandlingsdelegasjonen frå PALIPEHUTU-FNL har vendt tilbake til Burundi, og at den felles kontroll- og overvakingsmekanismen igjen er i funksjon. Unionen ser særleg positivt på våpenkvila mellom den burundiske regjeringa og PALIPEHUTU-FNL, som vart underteikna 25. mai 2008.

Den europeiske unionen ser positivt på at forhandlingsdelegasjonen frå PALIPEHUTU-FNL har vendt tilbake til Burundi, og at den felles kontroll- og overvakingsmekanismen igjen er i funksjon. Unionen ser særleg positivt på våpenkvila mellom den burundiske regjeringa og PALIPEHUTU-FNL, som vart underteikna 25. mai 2008.

Den europeiske unionen inviterer PALIPEHUTU-FNL til å forfølgje fredsprosessen på ein konstruktiv måte slik at føresegnene i den fullstendige våpenkvileavtalen og dei ulike vedlegga til avtalen snarast råd kan gjennomførast fullt ut.

Den europeiske unionen har naturleg nok lagt merke til at den burundiske regjeringa og PALIPEHUTU-FNL i ei felleserklæring har appellert om at dei kjempande i PALIPEHUTU-FNL snarast må få ta imot matvareforsyningar. EU stadfester at organisasjonen, i samarbeid med andre partnarar, straks er villig til å hjelpe til med slike forsyningsoperasjonar over eit tidsrom på to veker i påvente av at dei endelege samlingsområda skal bli utpeika og etablerte.

Den europeiske unionen ser positivt på at leiaren for PALIPEHUTU-FNL, Agathon Rwasa, har vendt tilbake til Burundi. Vi vonar at dette er eit definitivt skritt på vegen mot eit fredeleg Burundi og inneber at den livsviktige økonomiske og sosiale utviklinga i landet kan skyte fart.

Den europeiske unionen gratulerer Sør-Afrika, Tanzania og Uganda med resultata som er oppnådde gjennom det regionale initiativet dei står bak, og aktar framleis å gje si fulle støtte, særleg gjennom deltaking i det politiske direktoratet.

Den europeiske unionen vonar at det gjennom denne nye konteksten kan skapast tilstandar som gjer at dei politiske institusjonane i Burundi kan arbeide konstruktivt for å betre levevilkåra til det burundiske folket.

Den europeiske unionen stadfester at organisasjonen framleis vil gje si fulle støtte til Burundi i forsonings- og gjenreisingsinnsatsen.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.


* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.