Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Midtausten (14.03.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Fredsprosessen i Midtausten

1. EU uttrykkjer full støtte til Annapolis-prosessen og forpliktar seg til å støtte partane i forhandlingane med sikte på å komme fram til ei tostatsløysing. Ei rettferdig og framtidsretta løysing på alle sider av fredsprosessen for Midtausten kan berre komme i stand gjennom forhandlingar. Trass i dei vanskane prosessen har vore gjennom i det siste, ser EU positivt på at partane aktar å ta opp att forhandlingane, og ser fram til eit snarleg møte mellom leiarane i Midtaustkvartetten.

2. EU er djupt uroa over valden som nyleg har utspelt seg i Gaza og det sørlege Israel, særleg over dei sivile tapa. Unionen fordømmer i dei sterkaste ordelag terroråtaket på eit presteseminar 6. mars og dei vedvarande rakettåtaka. EU erkjenner at Israel har rett til å forsvare seg, men tek til orde for at alle valdshandlingar straks må innstillast.

3. EU strekar under behovet for snarlege og handgripelege resultat på bakken som grunnlag for vidare forhandlingar. For framleis å ha tillit i den israelske og den palestinske befolkninga, i regionen og i verdssamfunnet, er det avgjerande at begge sider oppfyller pliktene sine etter vegkartet for fred. EU er djupt uroa over at Israel nyleg har kunngjort planar om å utvide busetjinga i Givat Ze’ev. EU gjentek at all nybygging i dei okkuperte palestinske områda, medrekna Aust-Jerusalem, er ulovleg etter folkeretten. Busetjingsaktivitetar er til skade for utfallet av sluttstatusforhandlingane og ein trussel mot berekrafta i ein framtidig avtale om ei tostatsløysing. EU ber difor innstendig om at Israel straks set i verk tiltak når det særleg gjeld busetjingar og utpostar. Unionen oppmodar den palestinske sjølvstyremakta om å gjere ein ytterlegare innsats for å oppfylle pliktene sine i tryggingsspørsmål, om nødvendig i samarbeid med dei israelske styresmaktene. I denne samanhengen er EU framleis parat til å styrkje og utvide EUPOL COPPS-oppdraget for å støtte ei styrking og omlegging av dei palestinske tryggingsstyrkane.

4. EU meiner at dei valdelege konfrontasjonane i og rundt Gaza har alvorlege tryggingspolitiske implikasjonar. EU er djupt uroa over den uhaldbare humanitære situasjonen i Gaza og tek til orde for kontrollert og varig gjenopning av alle overgangar til og frå Gaza, både av humanitære årsaker og av omsyn til handelen. EU stadfester her rådskonklusjonane frå januar 2008 og uttrykkjer full støtte til innsatsen for å leggje til rette for ei fredeleg løysing på den pågåande krisa. Denne løysinga bør gje rom for ein varig periode med ro. EU seier seg på ny parat til å ta oppatt kontrolloppdraget i Rafah i samsvar med avtalen frå november 2005 om innreise og ferdsel.

5. EU minner om at organisasjonen på den internasjonale gjevarlandskonferansen for den palestinske staten i desember i fjor forplikta seg til å støtte innsatsen for å byggje den framtidige palestinske staten i samsvar med den palestinske reform- og utviklingsplanen. Unionen ber om at Israel samarbeider om gjennomføringa av planen. EU uttrykkjer full støtte til den føreståande internasjonale konferansen om investeringar og ny økonomisk utvikling, som skal haldast i Betlehem, og til den tilsvarande konferansen om støtte til palestinsk sivilt politi og rettsstatleg styre, som skal haldast i Berlin.

Libanon

6. EU står framleis ved si sterke støtte til regjeringa og institusjonane i Libanon i gjennomføringa av dei oppgåvene dei har når det gjeld å verne om stabiliteten, suvereniteten, sjølvstendet og den territoriale integriteten til Libanon. EU seier seg uroa over den fastlåste politiske situasjonen i Libanon og forverringa i tryggingssituasjonen.

7. EU gjentek si sterke støtte til planen som samrøystes vart vedteken av dei arabiske utanriksministrane i von om å mekle fram ei løysing på den politiske krisa, og rosar den vedvarande innsatsen til generalsekretæren i Den arabiske ligaen, Amr Moussa. Unionen ber innstendig om at partane i Libanon i første omgang straks gjennomfører presidentvalet før det arabiske toppmøtet. Skal planen lukkast, må alle aktørar spele ei konstruktiv rolle. EU minner om at deira høge representant er utpeikt til å gå i spissen for EU-innsatsen saman med arabiske land i denne samanhengen.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova og Armenia stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.