Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Somalia (14.05.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

EU seier seg glad for dei store framstega som er gjort i den politiske prosessen i Somalia sidan byrjinga av året.

EU seier seg glad for dei store framstega som er gjort i den politiske prosessen i Somalia sidan byrjinga av året.

Unionen stadfester si fulle støtte til dei føderale overgangsstyresmaktene for tiltaka som den føderale overgangsregjeringa har sett i verk, og til forsoningsstrategien til statsminister Nur Hassan Hussein, som har gjort det mogeleg å starte ein dialog med alle somaliske partar, både i og utanfor landet, og innleie ein oppriktig forsoningsprosess. 

EU seier seg òg glad for dei planlagde diskusjonane mellom den føderale overgangsregjeringa og Alliansen for frigjering av Somalia i Djibouti. Desse diskusjonane vil vere eit første naudsynt steg på vegen mot inter-somaliske forhandlingar.

EU er glad for det arbeidet den føderale overgangsregjeringa gjer for å reformere tryggingssektoren og sikre rettsstaten i Somalia.

EU stadfester på nytt si støtte til generalsekretæren i Dei sameinte nasjonane sin spesialutsending til Somalia, Ahmedou Ould Abdallah, og hans arbeid for å samordne det internasjonale samfunnet sin innsats og leggje til rette for ein inter-somalisk politisk dialog.

EU uttrykkjer sterk uro over den vedvarande forverringa av den humanitære situasjonen i Somalia og er klar til å støtte FN sitt arbeid for å finne ei rask løysing på krisa.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.