Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om fredsprosessen i Juba (06.02.08)

Den europeiske unionen er oppmuntra av framgangen som til no er oppnådd i fredsprosessen, og ser positivt på at forhandlingane blei tekne opp att 30. januar. EU ser med glede at tryggingssituasjonen for befolkninga i det nordlege Uganda og det sørlege Sudan har betra seg, etter å ha vore sterkt forverra under konflikten. Dermed blir det enklare for internt fordrivne å vende tilbake til heimstadene sine.

Den europeiske unionen er oppmuntra av framgangen som til no er oppnådd i fredsprosessen, og ser positivt på at forhandlingane blei tekne opp att 30. januar. EU ser med glede at tryggingssituasjonen for befolkninga i det nordlege Uganda og det sørlege Sudan har betra seg, etter å ha vore sterkt forverra under konflikten. Dermed blir det enklare for internt fordrivne å vende tilbake til heimstadene sine.

For første gong på mange år er det no reelle utsikter for gjenreising og langsiktig utvikling i det nordlege Uganda. Vi ser positivt på at den ugandiske regjeringa har forplikta seg til dette gjennom planen for fred, normalisering og utvikling. EU er som før ein påliteleg og engasjert utviklingspartnar for Uganda.

EU rosar det arbeidet regjeringa i Sør-Sudan, særleg visepresident dr. Rieck Machar, og spesialutsendingen frå FN, Joaquin Chissano, har gjort. Begge har spela avgjerande roller og kan vere trygge på sterk støtte frå EU også heretter.

EU merkjer seg den direkte forlenginga av «avtalen om innstilling av kamphandlingane» som ei positiv og viktig utvikling. EU håpar at dette signaliserer ein forpliktande vilje frå begge sider til å nå fram til ei snarleg og fredeleg fullføring av fredsprosessen. Som eit tillitsskapande tiltak oppmodar EU om at LRA må setje fri kvinner og barn.

EU legg stor vekt på å komme fram til ein fredsavtale som både fører til fred og rettferd, banar veg for forsoning og er i pakt med ønskemåla til dei ulike folkegruppene, det nasjonale lovverket og Roma-vedtektene for Den internasjonale straffedomstolen. Truverdige ansvarleggjeringsmekanismar er nødvendige, særleg for dei alvorlegaste menneskerettsbrota.

Fleire EU-medlemsland, Den europeiske kommisjonen, Canada og Noreg har ytt viktige økonomiske bidrag til støtte for fredssamtalane og ny utvikling i det nordlege Uganda.

EU vonar at ein endeleg avtale kan underteiknast snart slik at konflikten definitivt tek slutt.
 
Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.