Erklæring frå formannskapet på vegner av EU om stabiliteten aust i Den demokratiske republikken Kongo (24.01.08)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen ser positivt på semja som blei oppnådd på Goma-konferansen for fred, tryggleik og utvikling i Nord- og Sør-Kivu, og på dei oppmuntrande utsiktene for å få slutt på konfliktane i desse to provinsane. EU er oppmuntra over den breie deltakinga i konferansen og tilsegnene som er gjevne på høgt hald.

Den europeiske unionen ser positivt på semja som blei oppnådd på Goma-konferansen for fred, tryggleik og utvikling i Nord- og Sør-Kivu, og på dei oppmuntrande utsiktene for å få slutt på konfliktane i desse to provinsane. EU er oppmuntra over den breie deltakinga i konferansen og tilsegnene som er gjevne på høgt hald.

EU oppmodar styresmaktene, samfunna og dei væpna gruppene i Den demokratiske republikken Kongo (DRC) til å halde fram med den konstruktive dialogen. EU understrekar at alle hovudpersonar i konflikten må slutte opp om denne dynamikken og styrkje framdrifta i fredeleg lei som Goma-avtalen har skapt.

EU rosar alle som har evna å trasse meiningsforskjellar og satsa på å rydde dei grunnleggjande årsakene til problema i Kivu-provinsane av vegen på politisk vis, til beste for fred og forsoning. EU er framleis sterkt uroa over den vanskelege situasjonen for folket i Kivu-provinsane, særleg kvinner og barn.

EU understrekar at det er viktig å følgje opp dei forpliktande tilsegnene frå alle deltakarane, og står klar til å støtte oppfølginga etter Goma-konferansen. Vidare er EU villig til å gjere sitt for å lindre lidingane til folket, fremje utvikling og skape eit klima der alle kongolesarar kan vende tilbake til heimstadene sine.

EU ser positivt på prosessen som vart sett i gang i Nairobi 9. november 2007, og på opprettinga av den felles tilsynsgruppa og det innleiande arbeidet ho har gjort, og ser på Goma-avtalen som eit nytt og viktig steg i forsøket på å få i stand varig fred og stabilitet i området ved Dei store sjøane. Særleg oppmodar EU landa i regionen til å medverke i gjennomføringa av Goma-avtalen. For at arbeidet for å garantere tryggleik og stabilitet skal ha framgang, meiner EU at reformer i tryggingssektoren i DRC framleis er avgjerande. EU seier seg på ny villig til å vidareføre samarbeidet med styresmaktene i DRC på dette området.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.