Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om vala i Pakistan (15.02.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU ser positivt på at president Musharraf offentleg har sagt at vala til nasjonalforsamlinga og provinsforsamlingane i Pakistan den 18. februar skal gjennomførast på ein fri, rettferdig og open måte.

EU ser positivt på at president Musharraf offentleg har sagt at vala til nasjonalforsamlinga og provinsforsamlingane i Pakistan den 18. februar skal gjennomførast på ein fri, rettferdig og open måte.

EU er kjend med at dei tekniske førebuingane til stemmegjevinga er i rute. Til vala i Pakistan har EU sendt eit observatørkorps som skal gje ei uavhengig evaluering av gjennomføringa av vala i samsvar med internasjonale standardar for demokratiske val.

På same tid ser EU med uro på ei rekkje sider ved gjennomføringa av vala. EU oppmodar sterkt om at styresmaktene må setje i verk alle tiltak dei kan i dagane som er att for å betre på tilhøva rundt vala.

Ein open valprosess blir avgjerande for å vinne tilbake tilliten i folket og på lengre sikt å komme vidare på vegen mot nasjonal forsoning. Dette kan det leggjast til rette for gjennom ein open og konsultativ valadministrasjon, streng nøytralitet hos forretningsministerium på nasjonalt nivå og provinsnivå og fritt høve for media til å dekkje alle sider ved valprosessen.
 
EU set pris på forsikringane frå valadministrasjonen om at alle kandidatar og representantane deira, og likeins observatørar, har full anledning til å kontrollere alle oppteljingsprosessar og resultatoppstillingar. Men for at valresultata skal vere tilgjengelege for alle, er det heilt nødvendig at styresmaktene vedtek og følgjer opp påbod om at utførlege resultat skal visast i stemmelokala straks oppteljinga er ferdig, og at detaljerte analysar av avstemmingsresultata på valkrinsnivå skal offentleggjerast så snart talmaterialet er ferdig oppstilt. Eit anna positivt tiltak ville vere om detaljerte resultat frå stemmelokala fort kunne leggjast ut på Internett.

EU ber dei pakistanske styresmaktene innstendig om å sikre at klager og protestar blir behandla i rett tid og på ein effektiv og open måte. Det bør vere tilgang til ein uavhengig klageinstans. EU tek på ny til orde for at politiske fangar, også dommarar og advokatar, straks må setjast fri; dette er heilt nødvendig for å gjenopprette tilliten til at rettsvesenet, dei rettsstatlege mekanismane og den demokratiske prosessen fungerer på ein uavhengig måte. Dette ville vere eit viktig tiltak for å sikre eit fritt og ope klima før valet.

Søkjarlanda Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, stiller seg bak denne erklæringa.

*    Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.