Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valdsbølgja den siste tida i Sudan (14.05.08)

Den europeiske unionen er djupt uroa over valdsutøvinga den siste tida i Sudan og oppmodar alle partar om å stanse valdsbruken omgåande, respektere dei forpliktingar dei har etter internasjonal humanitær rett, og engasjere seg for å finne ei fredeleg løysing på alle uløyste spørsmål.

Den europeiske unionen er djupt uroa over valdsutøvinga den siste tida i Sudan og oppmodar alle partar om å stanse valdsbruken omgåande, respektere dei forpliktingar dei har etter internasjonal humanitær rett, og engasjere seg for å finne ei fredeleg løysing på alle uløyste spørsmål.

EU fordømmer på det sterkaste åtaka som Rørsla for rettferd og likskap (JEM) gjennomførde 10.-11. mai mot Omdurman.

Unionen fordømmer òg på det sterkaste bombinga av sivile mål i det nordlige Darfur 4. mai, mellom desse ein skule, vassforsyningsanlegg og ein marknadsplass. Begge hendingane førde etter rapportane til tap av sivile menneskeliv.

EU ber innstendig om at alle partar legg band på seg, og at ingen gjennomfører hemnaksjonar mot sivile. Alle partar som er involverte i Darfur-konflikten må overhalde dei eksisterande våpenkvileavtalane, samarbeide fullt ut med UNAMID, oppfylle forpliktingane sine etter folkeretten og engasjere seg i fredsprosessen som er mekla fram av spesialutsendingar frå FN og Den afrikanske unionen.

I tillegg oppmodar EU statane i regionen om å stå ved sine forpliktingar etter Dakar-avtalen og samarbeide for å gjere slutt på verksemda til dei væpna gruppene i regionen.

EU er òg uroa over den aukande lovløysa som gjer det enda vanskelegare å yte humanitær hjelp i Darfur.

Vald medverkar ikkje til å gjere den vanskelege situasjonen lettare for folk som ønskjer å vende tilbake til heimane sine og byggje opp att liva sine.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.