Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Zimbabwe (04.04.08)

Den europeiske unionen følgjer nøye med på vala i Zimbabwe. Unionen ser positivt på at det zimbabwiske folket stod fast på å gjere bruk av den grunnleggjande demokratiske retten sin til å røyste ved vala 29. mars.

Den europeiske unionen følgjer nøye med på vala i Zimbabwe. Unionen ser positivt på at det zimbabwiske folket stod fast på å gjere bruk av den grunnleggjande demokratiske retten sin til å røyste ved vala 29. mars.

Unionen ser òg positivt på at sjølve valdagen vart avvikla utan vald og i ordna former. Unionen oppmodar alle partar til å halde seg til denne konstruktive linja.

Den europeiske unionen ser positivt på at resultata av parlamentsvalet no er frigjevne, og ber den zimbabwiske valkommisjonen om å sikre at resultata av presidentvalet blir offentleggjorde omgåande.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.