Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om valet i Afghanistan (21.10.09)

EU merkjer seg at den uavhengige valkommisjonen har kunngjort at det skal haldast ein andre valomgang i presidentvalet i Afghanistan, og at president Karzai har stadfesta dette.

EU merkjer seg at den uavhengige valkommisjonen har kunngjort at det skal haldast ein andre valomgang i presidentvalet i Afghanistan, og at president Karzai har stadfesta dette.

EU rosar valklagekommisjonen og den uavhengige valkommisjonen for arbeidet deira med å identifisere, undersøkje og ta avgjerder om valfusk og avvik som har funne stad under valet, og unionen merkjer seg med glede at tryggingsmekanismane i valsystemet har fungert som dei skulle. EU vil halde fram med å overvake utviklinga av valsystemet og støtte forbetringar i dette systemet.

EU seier seg glad for bidraga dei nasjonale og internasjonale valobservatørane har ytt til prosessen så langt, deriblant innsatsen til EUs valobservatørgruppe. EU oppmodar alle parti og institusjonar om å sikre ein open, truverdig og sikker prosess og eit legitimt resultat av den andre valomgangen, i pakt med viljen til det afghanske folket. Vidare oppmodar EU alle involverte partar om å ta eit felles ansvar for å sikre eit stabilt og samla Afghanistan i tida framover.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.