Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om resultatet av presidentvalet i Indonesia (31.07.09)

Den europeiske unionen ønskjer å gratulere president Susilo Bambang Yudhoyono med det vellukka attvalet den 8. juli 2009, som vart offisielt stadfesta i dag av den indonesiske valkommisjonen (KPU).

Den europeiske unionen ønskjer å gratulere president Susilo Bambang Yudhoyono med det vellukka attvalet den 8. juli 2009, som vart offisielt stadfesta i dag av den indonesiske valkommisjonen (KPU).

I eit fredeleg val har folket i Indonesia vist at det ønskjer demokrati og har gjeve president Yudhoyono ei sterk ny fullmakt, samtidig som det har uttrykt tiltru til politikken hans og gjennomføring av fleire reformer.

Den europeiske unionen og Indonesia har eit svært godt samkvem. Den europeiske unionen ser fram til å utvide tilhøvet vidare på grunnlag av partnarskaps- og samarbeidsavtalen, som bør underskrivast i nær framtid. Indonesia og EU står overfor mange felles utfordringar, alt frå følgjene av finans- og økonomikrisa til klimaendring og terrorisme.

Den europeiske unionen står på Indonesia si side når det gjeld å ta tak i desse utfordringane, og ser fram til å halde fram det fruktbare samarbeidet med den attvalde presidenten og regjeringa hans.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.