Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om nye masseavrettingar i Irak (15.06.09)

Noreg har slutta seg til ei erklæring om masseavrettingar i Irak som held fram.

EU er djupt uroa over rapportar om at det dei siste dagane er fullbyrda fleire dødsstraffer i Irak, sannsynlegvis så mange som 20. Vidare ser unionen svært alvorleg på indikasjonar på at det kan finne stad fleire masseavrettingar kva tid som helst.

EU går imot dødsstraff i alle tilfelle og under alle omstende. Vårt syn er at avskaffing av dødsstraff medverkar til å styrkje menneskeverdet og den gradvise utviklinga av menneskerettane. EU ser på dødsstraff som ei grufull og umenneskeleg straff og eit brot på retten til liv. Vi meiner at dødsstraff ikkje verkar avskrekkande.

Biletet av Irak og resultata som vert oppnådde der, er i ferd med å endre seg til det betre, men dette biletet vert påverka negativt av at landet no tek dødsstraffa i bruk på nytt. Dessutan går dette ut over innsatsen for å gjere verdssamfunnet og opinionen merksame på den positive utviklinga i Irak.

EU er særleg uroa over måten dødsstraffa vert brukt på i Irak, eit land der rettsvesenet framleis er under utvikling. Unionen minner om at alle justismord ved bruk av dødsstraff representerer uopprettelege og irreversible tap av menneskeliv.

EU meiner det er heilt nødvendig at statar som insisterer på å bruke dødsstraff, gjer det med tilbørleg respekt for internasjonale forpliktingar om å verne menneskerettane. Dette omfattar tilsegna om at dødsstraff berre kan fullbyrdast på grunnlag av ein endeleg dom etter ein rettsprosess der alle tiltak er sette i verk for å sikre ein rettferdig rettargang. Desse tiltaka må i alle høve oppfylle krava som er nedfelte i artikkel 14 i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, mellom anna at alle som er mistenkte eller sikta for eit brotsverk som kan straffast med døden, har rett til tilstrekkeleg rettshjelp på alle stadium i rettargangen.

EU oppmodar difor den irakiske regjeringa om å vende tilbake til ein reell stans i fullbyrdinga av dødsstraffa, slik det har vore praktisert i Irak sidan august 2007, i påvente av at dødsstraffa vert avskaffa ved lov. Dette bør omfatte alle som framleis ventar på dødsstraff i Irak. Eit slikt tiltak ville vere i samsvar med den globale utviklinga mot avskaffing av dødsstraff, som blant anna kjem til uttrykk i resolusjonane som nyleg har kome frå FNs generalforsamling, der FN tek til orde for innføring av eit moratorium med sikte på å avskaffe dødsstraff for alle brotsverk.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Armenia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen

Erklæringa kan lesast på EU sin nettstad.