Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om relasjonane mellom Colombia og Venezuela (19.11.09)

EU uttrykkjer uro over den spente situasjonen på grensa mellom Colombia og Venezuela.

EU uttrykkjer uro over den spente situasjonen på grensa mellom Colombia og Venezuela.

EU oppmodar begge partar om å følgje folkeretten og eksisterande gjensidige avtalar, avstå frå handlingar og erklæringar som kan forverre situasjonen ytterlegare, og ta steg for å finne løysingar gjennom dialog og eventuelle tillitsskapande tiltak, mellom anna med støtte frå regionale instansar.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Georgia sluttar seg til denne erklæringa

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.