Erklæring frå EU om Guinea (31.05.10)

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2009/1003/FUSP og 2010/186/FUSP om restriktive tiltak mot Republikken Guinea.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2009/1003/FUSP og 2010/186/FUSP om restriktive tiltak mot Republikken Guinea.

27. oktober 2009 vedtok Rådet felles haldning 2009/788/FUSP som pålegg målretta restriktive tiltak mot Republikken Guinea.

22. desember 2009 vedtok Rådet avgjerd 2009/1003/FUSP om endring av felles haldning 2009/788/FUSP, som omfattar eit forbod mot eksport til Republikken Guinea av utstyr som kan verte brukt til intern undertrykking. I tillegg vart fleire personar lagde til på lista over personar som er underlagde restriktive tiltak.

29. mars 2010 vedtok Rådet avgjerd 2010/186/FUSP om endring av felles haldning 2009/788, sidan det ikkje lenger er grunn til å behalde visse personar på lista over personar, einingar og organ som dei restriktive tiltaka gjeld for.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2009/1003/FUSP og 2010/186/FUSP: søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med desse rådsavgjerdene.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU (PDF).