Erklæring frå EU om Somalia (15.06.10)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2010/231/FUSP om restriktive tiltak mot Somalia.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2010/231/FUSP om restriktive tiltak mot Somalia.

26. april 2010 vedtok Rådet rådsavgjerd 2010/231/FUSP (kunngjord 27. april 2010 i Tidend for Den europeiske unionen L 105, s.17)  om restriktive tiltak mot Somalia, der tiltaka i felles haldning 2009/138/FUSP som endra ved rådsavgjerd 2010/126/FUSP er innarbeidde.

Denne avgjerda inneheld òg vedtak om ei liste over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak, og modererer visse restriksjonar og forpliktingar under sanksjonsregimet for å gjere det mogeleg for internasjonale, regionale og subregionale organisasjonar å levere forsyningar og teknisk bistand og for å sikre at FN kan levere sårt tiltrengt humanitær bistand.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2010/231/FUSP: søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova og Armenia sluttar seg til denne erklæringa.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU (PDF).