Endring i restriktive tiltak mot Elfenbeinskysten

Noreg slutta seg 7. juni til ei EU-erklæring om endringar i restriktive tiltak mot Elfenbeinskysten.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsgjennomføringsavgjerd 2011/261/FUSP som gjennomfører avgjerd 2010/656/FUSP om vidareføring av restriktive tiltak mot Elfenbeinskysten (090611)

29. april 2011 vedtok Rådet rådsgjennomføringsavgjerd 2011/261/FUSP1. Rådsavgjerda fjernar einingar frå lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/261/FUSP: søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

1 Kunngjord 30.4.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 111, s. 17.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.