Historisk arkiv

Noreg slutta seg til EU-erklæring om dødstraffa i Illinois

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg den 22.mars til ei EU-erklæring om avskaffinga av dødsstraffa i delstaten Illinois i USA.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om avskaffinga av dødsstraffa i delstaten Illinois i USA (110311)

EU ser svært positivt på at guvernør Patrick Quinn 9. mars 2011 underteikna lova som avskaffar dødsstraffa i delstaten Illinois.

EU gratulerer guvernøren og den lovgjevande forsamlinga i Illinois med denne historiske avgjerda, som gjer Illinois til den 16. delstaten i USA som avskaffar dødsstraffa.

EU håpar på det sterkaste at dette vedtaket vil inspirere andre delstatar i USA til å gjere det same og ta del i den veksande nasjonale og internasjonale utviklinga for avskaffing av dødsstraff.

EU meiner at avskaffing av dødsstraff medverkar til å styrkje menneskeverdet og den gradvise utviklinga av menneskerettane.

EU stadfestar at organisasjonen har til mål å arbeide for avskaffing av dødsstraff i alle land.

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island +, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.