Noreg slutta seg til EU-erklæring om Kviterussland

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 30.03.2011 til ei EU-erklæring om restriktive tiltak i Kviterussland.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av EU om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/174/FUSP som gjennomfører avgjerd 2010/639/ FUSP om restriktive tiltak mot visse tenestemenn i Kviterussland (310311)

21. mars 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/174/FUSP1. Rådsavgjerda inneheld endringar i lista over personar som er omfatta av restriktive tiltak i Kviterussland.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/174/FUSP: søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island +, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, og EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

1 Kunngjord 22.3.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 76, s. 72.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.