Felleserklæring frå EU og Europarådet på den europeiske og internasjonale dagen mot dødsstraff

Noreg slutta seg 10. oktober til vedlagte erklæringstekst.

Felleserklæring frå Catherine Ashton, EUs høge representant for utanriks- og tryggleikspolitikk, og Thorbjørn Jagland, generalsekretær i Europarådet, på den europeiske og internasjonale dagen mot dødsstraff, 10. oktober 2011 (101011)

Den europeiske unionen og Europarådet stadfestar at dei står samla mot dødsstraff og arbeider for at denne straffa vert avskaffa verda over.

Vi ser på dødsstraff som inhumant og som ei krenking av menneskeverdet. Erfaringa vi har gjort oss i Europa, har synt oss at dødsstraff ikkje forhindrar at talet på valdelege brotsverk stig, og det gjev heller ikkje rettferd til ofra for slike brotsverk. Dersom dødsstraff vert idømd som følgje av eit justismord, som er uunngåeleg i alle rettssystem, fører dette til eit ugjenkalleleg tap av menneskeliv.

Sidan 1997 har det ikkje funne stad avrettingar på territoriet til medlemsstatane våre1.

Vi fortset å fordømme bruken av dødsstraff i Kviterussland, det einaste landet i Europa som framleis bruker dødsstraff. Vi oppmodar Kviterussland på det sterkaste om å innføre eit moratorium på bruk av dødsstraff, med sikte på å avskaffe denne straffa fullstendig.

Vi helser velkomne dei nye FN-resolusjonane om eit globalt moratorium på bruk av dødsstraff, med sikte på å avskaffe denne straffa fullstendig, som vert støtta av ein brei koalisjon av statar frå alle verdas regionar. Den stadig veksande støtta til FN-resolusjonar i denne saka i 2007, 2008 og 2010 stadfestar at utviklinga internasjonalt i stadig sterkare grad går mot dødsstraff. Samtidig som vi anerkjenner at stadig fleire land har avskaffa dødsstraff (talet har stige frå 55 til 97 mellom 1993 og 2009), kan vi ikkje stikke under ein stol at 58 land i verda framleis bruker dødsstraff.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

1 Europarådet har 47 medlemsland, mellom dei alle dei 27 medlemslanda i Den europeiske unionen.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.