EU-erklæring om Kviterussland

Noreg slutta seg 18. mars til ei EU erklæring om rettssakene og dommane den siste tida i Kviterussland.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om rettssakene og dommane den siste tida i Kviterussland (180311)

EU fordømmer at representantar for sivilsamfunnet og opposisjonsleiarar, mellom dei tidlegare presidentkandidatar, framleis sit internerte, vert stilte for retten og vert dømde av politiske årsaker i samband med valet 19. desember 2010. EU er djupt uroa over påstandane om tortur og andre former for mishandling, truslar og regelbrot i domstolane og oppmodar dei kviterussiske styresmaktene om å samarbeide fullt ut med FNs høgkommissær for menneskerettar og Menneskerettsrådet på dette området. I denne samanhengen oppmodar EU Kviterussland på nytt om å trekkje tilbake avgjerda om å ikkje fornye mandatet til OSSE-kontoret i Minsk.

Denne utviklinga inneber ei ytterlegare forverring av menneskerettssituasjonen i Kviterussland og er heilt i strid med respekt for sentrale internasjonale forpliktingar som landet har teke på seg, særleg når det gjeld ytringsfridom, forsamlingsfridom, retten til rettferdig rettargang og det absolutte forbodet mot tortur og grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling.

EU kjem til å følgje nøye med på den vidare utviklinga på dette områder og gjentek kravet om at dei kviterussiske styresmaktene straks og utan vilkår set fri og rehabiliterer alle som er internerte av politiske årsaker.

EU minner om at lista over personar som er underlagde restriktive tiltak, framleis er open og vert revidert kontinuerleg for å ta omsyn til den vidare utviklinga, i tråd med konklusjonane frå utanriksrådet 31. januar. EU tek særleg sikte på å utvide lista med kviterussiske tenestemenn som dommarar og aktorar som er direkte involverte i domfelling av personar på politisk grunnlag og i den harde linja mot sivilsamfunnet. I tillegg, avhengig av utviklinga i Kviterussland, er EU om nødvendig parat til å vurdere fleire målretta tiltak på alle samarbeidsområde.
Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, sluttar deg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.