Erklæring frå EU om verdas urfolk

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 12. august til vedlagte erklæringstekst frå Rådet i høve den internasjonale dagen for verdas urfolk.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen i høve den internasjonale dagen for verdas urfolk 9. august 2011 (090811)

I dag, på den internasjonale dagen for verdas urfolk, stadfestar Den europeiske unionen og medlemsstatane sitt engasjement for urfolk både innanfor og utanfor EU.

Alle dei 27 medlemsstatane i EU støttar FN-erklæringa frå 2007 om rettane til urfolk, ein viktig milestein for dei og for alle som arbeider med å fremje menneskerettar. Vi samarbeider med FNs høgkommissær for menneskerettar om å støtte opp om at urfolk får delta på FN-arrangement og FN-møte, og vi støttar arbeidet ILO gjer for urfolk, mellom anna basert på ILO-konvensjon 169. EU og medlemsstatane ser òg positivt på at FN har oppretta eit partnarskap med urfolka, ei unik nyskaping som samlar fleire FN-organisasjonar og bidreg til at rettane til urfolk vert integrert i heile FN-systemet og i verksemda til organisasjonen. Vi oppmodar alle involverte partar om å støtte opp om dette viktige initiativet.

EU gjev praktisk og økonomisk støtte til urfolk verda over. Denne støtta, som har som mål å fremje sosial utjamning, spenner frå program for berekraftig utvikling i Colombia via prosjekt for lokalsamfunn i Nepal til program på Filippinane som skal hjelpe urfolk til å tene til livets opphald. Som det står i den europeiske konsensuserklæringa om utvikling frå 2005, «er nøkkelprinsippet for å verne om rettane til urfolk i utviklingssamarbeid at dei vert sikra full deltaking, og at dei enkelte lokalsamfunna fritt kan samtykkje etter at dei har vorte informerte».

Spørsmål som gjeld urfolk, går ofte på tvers av landegrensene. Vi fremjar difor internasjonalt samarbeid, til dømes i EU-prosjekt over landegrensene mellom dei arktiske urfolka i Noreg, Sverige, Finland og Russland.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Armenia og Aserbajdsjan sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.