Historisk arkiv

Norge støtter EU-erklæring om Libya

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Norge sluttet seg 30. juni til en EU-eklæring som støtter Den internasjonale straffedomstolens beslutning om utstedelse av arrestordre for Muammar Abu Minya Gaddafi, Saif Al Islam Gaddafi og Abdullah Al Sanousi.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen etter avgjerda frå Den internasjonale straffedomstolen om arrestordren på Muammar Abu Minya Gaddafi, Saif Al Islam Gaddafi og Abdullah Al Sanousi (270611)

EU merkjer seg avgjerda frå det saksførebuande kammeret i Den internasjonale straffedomstolen, som vart teken 27. juni, om å utferde arrestordre på Muammar Abu Minya Gaddafi, Saif Al Islam Gaddafi og Abdullah Al Sanousi i samband med påstandar om brotsverk mot menneskeslekta i Libya.

EU støttar fullt ut Den internasjonale straffedomstolen, som speler ei nøkkelrolle i arbeidet for internasjonal lov og rett. Den internasjonale straffedomstolen er eit vesentleg middel til å fremje respekt for den humanitære folkeretten og menneskerettane og medverkar såleis til tryggleik, rettferd og respekt for rettsstaten og dessutan til å bevare freden og styrkje den internasjonale tryggleiken.

EU minner om det grunnleggjande prinsippet i Roma-vedtektene for Den internasjonale straffedomstolen om at dei mest alvorlege brotsverka som kjem verdssamfunnet ved, ikkje må sleppe unna straff. Å gjere slutt på straffridom for dei som utfører desse brotsverka, er med på å hindre slike brotsverk.

EU oppmodar om fullt samarbeid med Den internasjonale straffedomstolen og understrekar at undersøkinga domstolen gjer i Libya, er ein uavhengig rettsleg prosess som må respekterast fullt ut.

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landet Noreg, som er medlem av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

*  Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+              Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.