Restriktive tiltak mot Syria

Noreg slutta seg 7. juni til ei EU-erklæring om restriktive tiltak mot Syria.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/273/FUSP om restriktive tiltak mot Syria, som gjennomført ved rådsavgjerd 2011/302/FUSP (090611)

9. mai 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/273/FUSP1. Rådsavgjerda innfører restriktive tiltak overfor Syria og personar som er ansvarlege for den valdelege undertrykkinga av sivilbefolkninga i Syria, i tillegg til personar som har tilknyting til dei.

23. mai 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd  2011/302/FUSP2. Rådsavgjerda inneheld endringar i lista over personar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegget til avgjerd 2011/273/FUSP.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/273/FUSP som gjennomført ved rådsavgjerd 2011/302/FUSP: søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Moldova.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

1 Kunngjord 10.5.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 121, s. 11.

2 Kunngjord 24.5.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 136, s. 91.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.