Erklæring frå EU om Eritrea

Noreg slutta seg 19. september til vedlagte erklæringstekst frå Rådet om politiske fangar i Eritrea.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om politiske fangar i Eritrea på 10-årsdagen for arrestasjonen deira (150911)

Den europeiske unionen er framleis djupt uroa over at regjeringa i Staten Eritrea held fram med å krenkje menneskerettsforpliktingane sine etter både nasjonal rett og folkeretten. EU viser særleg til at ei gruppe på elleve framståande medlemmer av nasjonalforsamlinga og av Folkefronten for demokrati og rettferd har vore fengsla utan rettssak sidan 18. september 2001, og at ti uavhengige journalistar, mellom dei den eritreisk-svenske borgaren Dawit Isaak, har vore arresterte sidan 23. september 2001. Trass i gjentekne oppfordringar frå verdssamfunnet, mellom anna frå Den europeiske unionen, har desse menneska sete fengsla dei ti siste åra utan kontakt med omverda og utan å nyte godt av rettane sine.

Den vedvarande mangelen på informasjon om kvar fangane vert haldne, og korleis helsetilstanden deira er, er eit klart brot på ei rekkje menneskerettsforpliktingar, som forbodet mot vilkårleg fridomskrenking og retten som alle som har tapt fridomen sin, har til å verte handsama på ein human og verdig måte. Dette er nedfelt i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar (ICCPR), som Eritrea har ratifisert.

EU oppmodar regjeringa i Staten Eritrea om å setje desse fangane fri utan vilkår, saman med andre som sit arresterte på grunn av dei politiske meiningane sine. EU ber regjeringa i Staten Eritrea om å offentleggjere all informasjon om kvar dei politiske fangane oppheld seg, og om å gje dei tilgang til familiane og advokatane sine, ikkje minst av humanitære årsaker.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

 

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.