Restriktive tiltak mot Elfenbenkysten

Noreg slutta seg 19. april til ei EU-erklæring om restriktive tiltak mot Elfenbenkysten.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/221/FUSP som endrar rådsavgjerd 2010/656/FUSP om fornying av dei restriktive tiltaka mot Elfenbeinskysten, og til rådsavgjerd 2011/230/FUSP (280411)

6. april 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/221/FUSP . Rådsavgjerda gjennomfører resolusjon 1975 (2011) frå FNs tryggingsråd, innfører ytterlegare sjølvstendige EU-tiltak og endrar lista over personar som er underlagde dei restriktive tiltaka frå EU.

8. april 2011 endra Rådet rådsavgjerd 2011/230/FUSP . I rådsavgjerda vert einingar fjerna frå lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak.
Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/221/FUSP og rådsavgjerd 2011/230/FUSP: søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.