EU med felles holdning om Zimbabwe

Norge sluttet seg til en EU-erklæring om sanksjoner mot Zimbabwe 21. mars 2012.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2012/124/FUSP som gjennomfører avgjerd 2011/101/FUSP om dei restriktive tiltaka mot Zimbabwe (280312)

Den 27. februar 2012 vedtok Rådet rådsavgjerd 2012/124/CFSP1. Rådsavgjerda inneheld endringar i lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegg I til avgjerd 2011/101/FUSP.

Det tiltredande landet Kroatia*, søkjarlanda Tyrkia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro*, Island+ og Serbia*, det potensielle søkjarlandet Albania, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova og Armenia sluttar seg til denne avgjerda.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det. 

1 Kunngjord 28.2.2012 i Tidend for Den europeiske unionen L 54, s. 20.
* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, Montenegro og Serbia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.