EU-erklæring om Syria

Norge sluttet seg 13. februar til en EU-erklæring om sanksjoner mot Syria.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2012/37/FUSP som gjennomfører avgjerd 2011/782/FUSP om restriktive tiltak mot Syria (280212)

Den 23. januar 2012 vedtok Rådet rådsavgjerd 2012/37/FUSP . Rådsavgjerda inneheld endringar i lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegg I til avgjerd 2011/782/FUSP.

Det tiltredande landet Kroatia*, søkjarlanda Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Moldova sluttar seg til denne avgjerda.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

Kunngjord 24.1.2012 i Tidend for Den europeiske unionen L 19, s. 33.
* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.