Lovar og regelverk på diskrimineringsområdet

Likestillings- og diskrimineringslova

Lova har til føremål å fremme likestilling og hindra diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder og andre vesentlege forhold ved ein person.

Likestilling er likeverd, like moglegheiter og like rettigheiter. God likestilling krev tilgjengelegheit og tilrettelegging.

Lova skal betre situasjonen for kvinner og minoritetar. Lova skal bidra til å bygge ned samfunnsbarrierar for funksjonsnedsette, og hindre at det skapast nye barrierar.

Diskrimineringsombudslova

Lova gjev reglar om organiseringa av og verksemda til Likestillings- og diskrimineringsombodet (ombodet) og Diskrimineringsnemnda (nemnda).

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) skal arbeide for å fremme reell likestilling og hindra diskriminering på alle samfunnsområde. Ombodet gjev  rettleiing og er en pådrivar for likestilling og mangfald. 

Diskrimineringsnemnda er eit kostnadsfritt tilbod og eit reelt alternativ til behandling i domstolane. Nemnda handhevar forbodet mot diskriminering/trakassering i likestillings- og diskrimineringslova og enkelte andre lover.