Historisk arkiv

”Marknadskvinna” som vart president

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Afrika har fått ein ny kvinneleg president. Joyce Banda har bakgrunn som aktivist og forretningskvinne. Ho skapar håp i Malawi, skriv Noregs ambassadør Asbjørn Eidhammer.

Afrika har fått ein ny kvinneleg president. Joyce Banda har bakgrunn som aktivist og forretningskvinne. Ho skapar håp i Malawi, skriv Noregs ambassadør Asbjørn Eidhammer. 

Joyce Hilda Mtila (Banda) vart fødd i den gamle kolonihovudstaden Zomba i 1950, dotter av ein musikar og major i politiets brassband. Ho var nok aldri ei vanleg marknadskvinne. Men tilnamnet fekk ho etter at ei av rivalane i regjeringspartiet prøvde å avfeie henne med at ho berre var ei mandasi (gateseljarske). Det namnet tok ho gjerne og var stolt av, sa ho, fordi fleirtalet av kvinner i landet var som dei. 

Joyce Banda - president i Malawi.

Joyce Banda - Malawis nye president. Foto: Government of Malawi

Av formell utdanning har Banda ein bachelor i førskoleutdanning frå USA og eit diplom i administrasjon frå Italia. Ho slo seg opp som forretningskvinne og stifta i 1989 National Association of Business Women. I 1997 fekk ho saman med Mosambiks president Chissano ein amerikansk pris for leiarskap i arbeid mot svolt. Banda har også skipa eit Joyce Banda Foundation for Better Education, som tar sikte på å styrke kvinners stilling gjennom utdanning av jenter. 

Til parlamentet i 1999
Joyce Bandas politiske karriere begynte i 1999, då ho stilte og vart vald til parlamentet for det dåverande regjeringspartiet United Democratic Front, og var statsråd for kvinner og samfunnstenester i regjeringa til president Bakili Muluzi. Ho vart attvald i 2004, og var både kvinneminister og utanriksminister i Mutharikas første periode, og ho følgde Mutharika over i hans nye Democratic Progressive Party. Noko overraskande valde Mutharika henne som makker ved presidentvalet i 2009, som Mutharika vann overlegent.  Men forholdet mellom presidenten og visepresidenten skar seg i 2010, då Banda og nokre andre parlamentsmedlemmer motsette seg at presidenten valde ut sin bror Peter som hans etterfølgjer. Banda vart  ekskludert frå DPP, og danna deretter sitt eige People’s Party. Ho vart då sett utafor regjeringa, men fekk ha sin bustad, kjøretøy og ein kjernestab. 

Særleg gjennom 2011 reiste ho rundt i landet for å byggje opp det nye partiet. At regjeringa gjekk til så sterkt verbalt åtak på henne, også med trugsmål, styrka truleg populariteten hennar kraftig. Det siste halve året har ho stort sett fått vere i fred. 

Brå død
Sjølv om det har gått mange rykte om hans sjukdom, og det var klart at president Mutharika var i ein svært pressa situasjonen, kom hans død veldig brått på. I dei to døgra fram til ho vart teken i eid som president gjorde Joyce Banda alt riktig. Ho venta til det var klart for alle at presidenten var død, og ho tok det nødvendige atterhald i alt ho sa. Ho tok kontakt med dei riktige instansane først, sjefen for presidentens kontor og leiinga i hæren og politiet, for å sikre seg at ho hadde støtte. Ho heldt fast på grunnlovas ordlyd om at når presidenten døyr eller blir ute av stand til å styre, skal visepresidenten automatisk ta over. 

Ho var rask med å skifte ut folk i viktige stillingar så snart ho var teken i eid, samstundes som ho roa ned regjeringsmedlemmene ved å seie at dei fleste av dei ikkje hadde noko å frykte. Og ho kom fort ut med dei rette signala overfor utviklingspartnarane. Men så hadde ho også ein god rådgivar. Ho er gift med tidlegare  høgsterettsjustitiarius Richard Banda, ein svært respektert jurist. 

Med sin bakgrunn som aktivist og forretningskvinne tyder alt på at Joyce Banda vil bli ein heilt annan type president enn sin forgjengar. Hennar praktiske grep om politikken kombinert med vilje og evne til å samarbeide og kompromisse skulle tilseie ei ny tilnærming til dei store utfordringane landet nå står overfor. Kanskje er det ei slik kvinne landet nå treng, når heile befolkninga ventar på handling overfor den økonomiske krisa.