Historisk arkiv

Urovekkjande personvernundersøking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Fleirtalet av norske innbyggjarar trur at personvernet deira er godt ivaretatt. Dette syner seg å vera noko naivt. Ny undersøking viser nemleg at svært få offentlege og private verksemder gjer det dei skal i følgje personopplysningsloven. Dette skuldast ikkje vond vilje, men manglande kunnskap, og no grip regjeringa inn med tiltak.

Pressemelding

Nr.: 7/2006
Dato: 15.02.06
Kontaktperson: Kommunikasjonsrådgiver Gunn Janne Myrseth tlf. 952 82 119

Urovekkjande personvernundersøking

Fleirtalet av norske innbyggjarar trur at personvernet deira er godt ivaretatt. Dette syner seg å vera noko naivt. Ny undersøking viser nemleg at svært få offentlege og private verksemder gjer det dei skal i følgje personopplysningsloven. Dette skuldast ikkje vond vilje, men manglande kunnskap, og no grip regjeringa inn med tiltak.

- Urovekkjande, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys som saman med justisministeren og Datatilsynet driv revisjon av personopplysningslova og forskrifta.

- Kunnskapen er for lav. Undersøkinga syner nemleg at det ikkje er noko særleg betre forhold i det offentlege enn i det private, opplyser statsråden. - Mitt departement syter for å få lagd ein eigen rettleiar som skal gjere det lettare for regelverksutviklarane å ivareta personvernet - og å veie personvernet opp mot andre omsyn.


Undersøkelsen ble utført av forsker Inger-Anne Ravlum ved Transportøkonomisk institutt på oppdrag fra Fornyingsdepartementet og Datatilsynet.