Historisk arkiv

Regjeringa underteikna avtale om "Grøne energikommunar" med KS

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Åslaug Haga, miljøvernminister Helen Bjørnøy og olje- og energiminister Odd Roger Enoksen underteikna samarbeidsavtale om "Grøne energikommunar" med leiar Halvdan Skard i KS onsdag 2. mai.

Kommunal- og regionalminister Åslaug Haga, miljøvernminister Helen Bjørnøy og olje- og energiminister Odd Roger Enoksen underteikna samarbeidsavtale om "Grøne energikommunar" med leiar Halvdan Skard i KS onsdag 2. mai.

Regjeringa vil ha tettere samarbeid med kommunane om kutt i klimautslepp. I følgje forskarar ved Cicero og Transportøkonomisk institutt (TØI) kan kommunane kutte opp til 15 prosent av Noregs totalte klimagassutslipp.

- Å kutte energiforbruket er miljømessig fornuftig, men det er også penger å spare for kommunane dersom dei vert meir energieffektive. Det er mogleg for kommunane å spare ein halv milliard kroner årlig på energiøkonomiserande tiltak i kommunale bygg. Mange norske kommunar gjer allereie eit godt arbeid på miljøområdet, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.

"Grøne energikommunar" skal satse på energieffektivisering, omlegging til fornybar energi som til dømes bioenergi, og få ned klimagassutsleppa i si kommune.

- Eg trur kommunane vil og kan bidra langt meir til å løyse klimautfordringane og leggje om energibruken i landet. Gjennom ei slik avtale vil regjeringa hjelpe kommunane i gang med arbeidet, seier statsråd Haga.

  • Det vil bli vald ut 12 – 15 kommunar som skal knytast saman i tre til fem nettverk. Desse kommunane vil bli følgde nøye opp og erfaringane frå desse kommunane skal formidlast vidare til andre kommunar.
  • Kommunane skal lage ein plan for energiøkonomisering, energiomlegging og reduksjon av klimautslipp.
  • Kommunal- og regionaldepartementet vil bidra til at kommunane i nettverka får midlar til eigne prosjektstillingar – energi- og klimapådrivarar – som skal bidra til at kommunane kjem raskt i gang med planlegging og iverksetting av tiltak.
  • Kommunane bør involvere eigne innbyggjarar og bedrifter i klimadugnaden. Det er eit mål at innsatsen i kommunal sektor skal smitte over til innbyggjarane og bedriftene i kommunane. Her skal energipådrivarane spele ei sentral rolle i å finne gode lokale løysingar.  
  • I desse kommunane skal ein sjå at det kan skje store endringar på kort tid.
  • Kommunane vil kunne søke om støtte frå Enova til: Konvertering av olje til strøm, ENØK-tiltak i kommunale bygg, eller støtte til å få utarbeida ein energi- og klimaplan.
     

Statsråd Haga har hatt gleda av å utnemne dei aller første grøne energikommunane: Gran, Jevnaker og Lunner. Denne veka var ministeren på besøk hos Lier kommune, som har utretta svært mykje innan energieffektivisering, som og vert grøn energikommune.

– Vi vil følgje utviklinga i dei kommunane som er utnemnt nøye. Å vere ein av prosjektkommunane er ikkje berre ei ære, det forpliktar – og Hadelandskommunane, Lier og dei andre kommunane som blir valt ut må derfor gjere det dei kan for å leve opp til å være ein ”Grøn energikommune”, seier statsråd Haga.

Dei neste kommunane vil bli utnemnd i løpet av kort tid. Dette vil vere kommunar med ulik storleik og med ulike utfordringar. Programmet vil vare ut 2010 og Kommunal- og regionaldepartementet skal bruke til saman 30 millionar kroner på programmet.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.