Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om avrettinga ved steining i Rasht i Iran (30.04.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU fordømmer på det sterkaste det nye tilfellet av avretting ved steining i Den islamske republikken Iran.

EU fordømmer på det sterkaste det nye tilfellet av avretting ved steining i Den islamske republikken Iran. Det vert rapportert frå fleire hald at Vali Azad vart avretta ved steining som straff for utruskap i Lakan-fengselet i byen Rasht i tida rundt 5. mars 2009. 

EU er òg djupt uroa over rapportar om at Mohammad Ali Navid Khomami og Ashraf Kalhori er dømde til døden ved steining og kan verte avretta kva tid som helst. 

EU oppmodar innstendig om at styresmaktene i Den islamske republikken Iran må få sett ein effektiv og permanent stoppar for skikken med avretting ved steining, i samsvar med den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar  og verdserklæringa om menneskerettane, som Iran har underteikna og ratifisert. EU oppmoder òg dei iranske styresmaktene om å rette seg etter erklæringa om vern for alle personar mot å verte underkasta tortur og andre former for grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff, som Iran har godkjent, og FN-resolusjon A/RES/62/149, der det vert kravd at statar som framleis nyttar dødsstraff, skal stette minstekrava for avretting. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Republikken Moldova stiller seg bak denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.