Ekteskap og samliv

Ekteskap kan inngåast mellom to personar av motsett kjønn eller to personar av same kjønn. Ekteskap får følgjer juridisk for ektefellene i ei rekkje tilhøve.

Ekteskap

Ekteskap kan inngåast mellom to personar av motsett kjønn eller to personar av same kjønn. Ekteskap får følgjer juridisk for ektefellene i ei rekkje tilhøve. Ekteskap blir inngått ved at brudefolka møter for ein vigslar. Medan begge er til stades skal dei erklære at dei ynskjer å inngå ekteskap med kvarandre. Deretter skal vigslaren erklære dei for ektefolk. 
Før ekteskapet kan inngåast må ekteskapsvilkåra prøvast. Det vil seie at det skal kontrollerast at dei som skal gifte seg oppfyller vilkåra i ekteskapslova. Det er folkeregistermyndigheita (skattekontoret) som prøver at ekteskapsvilkåra er oppfylt.

Partnarskap

Partnarskapslova, som tok til å gjelde 1. august 1993, gav to homofile personar rett til å inngå partnarskap. Eit registrert partnarskap har i hovudsak dei same rettsverknader som eit ekteskap.
Partnarskapslova blei oppheva samstundes som felles ekteskapslov blei innført. Dette inneber at det ikkje lenger er mogeleg å inngå nye partnarskap. Inngåtte partnarskap kan gjerast om til ekteskap dersom begge partnarane ynskjer det. Det er folkeregistermyndigheita som utfører omregistreringa. Krav om omgjering skal sendast til skattekontoret på eige skjema som ein finn på heimesidene til skatteetaten. Eit partnarskap som ikkje blir omgjort, vil stå ved lag. Partnarskap vil i hovudsak ha same rettsverknader som ekteskap. Partnarskap inngått i utlandet for utanlandsk myndigheit, vil fortsatt kunne godkjennast etter norsk rett.

Sambuarskap

Det er inga generell likebehandling av sambuarar og ektefellar i lovverket. Sambuarar blir behandla som ektefellar på einskilde område og som einslege på andre.

Om sambuarar blir behandla likt med ektefellar eller ikkje, blir avgjort innanfor dei respektive regelverka. Det same gjeld kven som reknast som sambuarar (sambuardefinisjonen). På enkelte område er sambuardefinisjonen avgrensa til sambuarar med felles barn. På andre område blir òg sambuarar utan felles barn inkludert, men slik at det vanlegvis blir stilt krav til at samlivet skal ha vara ei viss tid.

I barnelova er ektefellar og sambuarar likestilte. Dette gjeld m.a. etablering av foreldreansvar, rettar og plikter for barn og foreldre ved barnefordeling og samvere. Tilsvarande ved mekling ved brot når partane har barn saman. Stortinget vedtok i 2005 endringar i barnelova som gav sambuande foreldre automatisk felles foreldreansvar for felles barn. Sambuarar med felles barn under 16 år må òg møte til mekling ved samlivsbrot. Dette følgjer av barnelova. For å få rett til utvida barnetrygd (barnetrygd for eitt barn meir enn det faktiske barnetalet) etter brot mellom sambuarar, må det leggjast fram meklingsattest.

Hovudregelen på det økonomiske området er at kvar av partane i eit sambuarskap blir rekna som einslege. Regelverket byggjer på at sambuarar kan regulere dei økonomiske tilhøva sine gjennom avtaler. Sambuarar har inga forsytingsplikt for kvarandre, i motsetning til ektefellar. Frå 1. juli 2009 har sambuarar med felles barn rett til ein avgrensa arv etter kvarandre og rett til å sitje i uskifte. Dette gjeld òg sambuarar som har hatt eller ventar barn saman. Sambuarar som ikkje har felles barn, har ingen arverett etter lova.

Familievern

Familievernkontora tilbyr hjelp til alle som treng å prate om vanskelege tilhøve i familien. Tilbodet er gratis og lett tilgjengeleg. Du kan sjølv bestille time, tilvising frå lege er ikkje naudsynt.

Familievernkontora gir råd og rettleiing om samlivsproblem, anten til heile familien, til paret eller til einskildpersonar. Ein kan få hjelp til å fortsetje i eit parforhold, eller hjelp i samband med samlivsbrot og separasjon/skilsmål. Tenesta oppmodar klientar om å søkje hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktane blir fastlåste. Det finst familievernkontor i alle fylke. Familievernet skal òg utføre foreldremekling etter lov om ekteskap og barnelova. Mange familievernkontor driv òg førebyggjande arbeid retta mot ålmenta i form av opplysningsverksemd, foredrag, rettleiing m.m..

Familievernkontora er tverrfagleg bemanna på spesialistnivå, i hovudsak av psykologar og sosionomar med vidareutdanning i familieterapi.   

Samlivstiltak

Samlivstiltak skal støtte opp om samlivet i parforhold, både for sambuarar og ektepar, mellom anna for å skape ein trygg og stabil oppvekstsituasjon for barn. Regjeringa gir støtte til ulike tiltak for å støtte opp om samlivet i parforhold, både for sambuarar og ektepar.


Lokale samlivskurs

Lokale samlivskurs for par og fagleg utviklingsarbeid kan få støtte gjennom tilskotsordninga til samlivstiltak. Lokale samlivskurs blir skipa til av frivillige organisasjonar som humanitære og religiøse organisasjonar, organisasjonar innanfor helse- og sosialsektoren, kyrkjelydar, kommunar, helsestasjonar, familievernkontor og liknande. Det blir ikkje gitt midlar til privatpersonar eller tiltak som blir drive på forretningsmessig basis. Utviklingsarbeidet rettar seg mellom anna mot det faglege innhaldet i kursa og skulering av kurshaldarar. Midlane til samlivstiltak blir lyst ut årleg. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) handsamar søknader om støtte.

Barn med nedsett funksjonsevne

Familiar som har barn med nedsett funksjonsevne opplever ofte store utfordringar knytt til funksjonsnedsetjinga til barnet, tilhøvet til hjelpeapparatet, andre sysken i familien, samlivet, slekt, arbeidsliv og ikkje minst eigne reaksjonar og kjensler. "Kva med oss?" er eit nasjonalt tilbod om samlivskurs til foreldre som har barn med nedsett funksjonsevne. Kurset er ein møtestad der foreldre kan få dele erfaringar og opplevingar, aktuell kunnskap og fakta om livet i slike familiesituasjonar.

Parkurs for førstegongsforeldre

”Godt samliv” er eit parkurs for førstegongsforeldre. Kurset skal gi inspirasjon og støtte til nybakte foreldre i ein periode med store utfordringar i parforholdet. Føremålet med tiltaket er å redusere samlivskonfliktar og å unngå samlivsbot. Det er helsestasjonane i kommunane som er ansvarlege for å organisere tilbodet.