Domstolar, konfliktråd og forliksråd

Domstolar, konfliktråd og forliksråd er hovudinstitusjonar i det norske rettssystemet. Både konfliktråd og forliksråd søkjer å løyse saker gjennom mekling, slik at det ikkje er naudsynt å fremje sakene for ein domstol.

En domstol

Domstolane

Domstolane utøver den dømmande styresmakt i både straffesaker og sivile saker. I tillegg har domstolane ei rekkje andre oppgåver, som offentleg skifte (dødsbu, felleseige og konkurs), tvangssaker og notarialforretningar.

Domstolane utøver ein kontrollfunksjon overfor dei andre statsmaktene ved at domstolane prøver lovlegskapen av vedtak gitt av forvaltninga og om lover er innanfor Grunnloven sine grenser. Ansvaret for den sentrale administrasjonen av domstolane er lagd til Domstoladministrasjonen, som er eit uavhengig forvaltningsorgan.

Tingrettane

Tingretten behandlar straffesaker og sivile som ikkje behandlas av forliksrådet, i fyrste instans. Tingretten overprøver også avgjerder av forliksrådet.

Lagmannsrettane

Tingretten sine avgjerder kan klagast inn for lagmannsretten gjennom anke.

Høgsterett

Høgsterett er Noregs øvste domstol, og "dømmer i sidste instans", som det står i Grunnlovens paragraf 88. Høgsterett skal sørgje for rettsleg einskap og hjelpe til avklaring der rettstilstanden er uklar. Behandlinga av saker som reiser spørsmål med prinsipiell verdi står sentralt i Høgsterett sitt arbeid.

Jordskiftedomstolane

Jordskiftedomstolane er ein landsdekkjande særdomstol med oppgåver forankra i jordskiftelova. Jordskiftedomstolane avgjer rettsspørsmål og vedtek planar som gir meir rasjonelle bruk, merkar og rapporterer grenser og lagar eigedomskart. Jordskiftedomstolane består av 34 jordskifterettar og er tilknytte det ordinære rettsapparatet ved at saker kan ankast til lagmannsretten og Høgsterett.

Den europeiske menneskerettsdomstolen

Her kan borgarane i Europa prøve saka si dersom dei meiner at den heimslege domstolen har fatta ei avgjerd som er i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Domstolen i Strasbourg kan avgjere klager med bindande verknad for statane. Medlemsstatar kan også klage andre statar inn for domstolen.

Konfliktråd

Konfliktrådet er eit statleg konfliktløysingsorgan. Konfliktrådet legg til rette for eit møte der partane sjølve – og andre som er råka av eit lovbrot eller ein konflikt – i fellesskap fastset korleis verknadane skal handterast. Dette heiter gjenopprettande prosess.

Konfliktrådet behandlar sivile saker mellom private partar og saker mellom fornærma og gjerningsperson der ei kriminell handling har funne stad. Møte i konfliktråd vert leia av ein upartisk meklar. Konfliktrådsbehandling er gratis og tilgjengeleg i heile landet. Det er 22 konfliktråd og ca. 550 meklarar – som bistår slik at dei som møtast får innsikt i kvarandre sine handlingar, synspunkt, følelsar og kan stille spørsmål.

Konfliktrådet gjennomfører og dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging. Målgruppa er unge lovbrytarar mellom 15 og 18 år som har gjort ei eller fleire alvorlege kriminelle handlingar. Dette er ein tredelt straffeaksjon. Først eit ungdomsstormøte der lovbrytaren møter dei som er ramma av den kriminelle handlinga, dersom dei som er råka ønsker det. Så vert det sett opp ein skreddarsydd ungdomsplan med krav ungdomen må innfri – og til sist blir det etablert eit team av personar som skal følgje opp ungdommen i ein avgrensa periode. 

Alle kan ta kontakt med sitt konfliktråd for hjelp og rettleiing. Same kvar i landet ein bur skal innbyggjarane ha det same konfliktrådstilbodet og med same høge kvalitet.

Sekretariatet for konfliktråda, som er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet, er administrativt og fagleg ansvarleg for konfliktråda.

Forliksråd

Dei fleste sivile saker skal behandlast i forliksrådet, som er det lågaste leddet i domstolsstrukturen. Forliksrådet behandlar ikkje straffesaker. Forliksråda meklar mellom partane og i mange saker kan dei også avgje dom.

Dommar eller andre avgjerder frå forliksråda kan bringast inn for tingretten ved stemning eller anke. Den sentrale administrasjonen av forliksråda er Justis- og beredskapsdepartementets ansvar, mens politiet har ansvar for sekretariatet.

Les meir om forliksråd på forliksraadet.no og politiet.no.