Historisk arkiv

Overlevering av rapport frå Post- og teletilsynet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg ved overlevering av rapport frå Post- og teletilsynet om høgkapasitetsnett.

Gode forsamling!

Ekom er med på å binda landet saman og gjera det mindre – eit av mine mål for samferdselssektoren dei neste åra. Best mogleg infrastruktur på ekomområdet er avgjerande for at vi skal ha levande og attraktive lokalsamfunn også i framtida. Dei siste ti åra har vi arbeidd for å få breiband til alle – og no er vi i mål. Men vi skal vidare! Det understrekar vi også i Soria Moria II. Dagens breiband er ikkje breitt nok til å dekkja framtidas behov. Framtida ligg i såkalla høgkapasitetsnett som kan brukast til overføring av blant anna internettenester, telefoni og fjernsyn. Slike nett blir ofte omtala som superbreiband.

I haust gav Samferdselsdepartementet Post- og teletilsynet i oppdrag å utgreia ulike aspekt knytt til høgkapasitetsnett. PT har særleg sett på behovet for å regulera desse marknadane og på følgjene for brukarane av regulering eller ei.

Moglegheitene for å stimulera til oppgradering av eksisterande nett – og bygging av nye nett – over heile landet har stått sentralt i utgreiinga. Det må i så fall gjerast på ein måte som både tek omsyn til fridomen til leverandørane, konkurransen i marknaden og brukarane sine behov. Mandatet innebar også at PT skulle identifisera og drøfta fordelar og ulemper med ulike forretningsmodellar og sjå på moglege regulatoriske tiltak som kan stimulera til utbygging av høgkapasitetsnett.

Bakgrunnen for oppdraget var den omfattande investeringa i høghastigheitsnett som skjer no.

PT skal sjølve få presentera funna sine og rapporten. Eg er oppteken av ei vidare utbygging av ekomnetta. Det er viktig for å sikra nasjonal verdiskaping og at folk kan og arbeida i heile landet. Eg er sjølvsagt glad for den utviklinga av nye moderne ekomnett vi no ser mange stader. Samstundes deler eg PT si uro for at utbygginga etter kvart vil stoppe opp der det ikkje er tilstrekkeleg kommersielt grunnlag. Eg vil difor vurdera tiltaka PT føreslår i rapporten og ta dei med vidare i regjeringa sitt arbeid med breibandspolitikken.

Arbeidet som no er gjort vil vera eit svært nyttig grunnlag når vi skal staka opp kursen for framtida. Takk til PT for godt og grundig arbeid!

Les rapporten