Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2011:

Nytt forskingsprogram for betre transporttryggleik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa vil styrkja innsatsen på forsking for betre tryggleik i transportsektoren. – Vi føreslår no å setja i gang eit breitt forskingsprogram over budsjettet til Samferdselsdepartementet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Regjeringa vil styrkja innsatsen på forsking for betre tryggleik  i transportsektoren. – Vi føreslår no å setja i gang eit breitt forskingsprogram over budsjettet til Samferdselsdepartementet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Vi treng meir kunnskap om korleis vi kan førebyggja ulukker og møta framtidige tryggleiksutfordringar i heile transportsektoren. Eg er glad for at vi har funne midlar til eit nytt forskingsprogram som vil hjelpa oss med dette, seier Kleppa vidare.

Det nye programmet får namnet TRANSIKK, og er ei vidareføring av RISIT-programmet. Forskarane skal mellom anna arbeida med tryggleikskultur og teknologi. Dei skal særleg sjå på kva risikoar som kan bli aktuelle i transportsektoren i framtida.

Regjeringa føreslår ei samla løyving på 241,1 millionar kroner til samferdselsforsking, utgreiingar og til miljøprosjektet Transnova. Dette er ein reduksjon på 21,7 millionar kroner frå saldert budsjett for 2010. Midlane er tenkt fordelt slik:

• 150,8 millionar kroner til samferdselsforsking (78,5 millionar kroner til transportforsking og 72,3 millionar kroner til forsking innan telekommunikasjon)
• 17,1 millionar kroner til utgreiingsarbeid innan samferdselssektoren
• 73,2 millionar kroner til miljøprosjektet Transnova, ein auke på 21,6 millionar kroner frå 2010