Meld. St. 36 (2014–2015)

Noregs deltaking i den 69. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN)

Til innhaldsliste

2 Generalforsamlinga

2.1 Generaldebatten

Generalforsamlinga vert kvart år opna med ein generaldebatt der dei 193 medlemslanda i FN held innlegg. Generaldebatten gjev eit bilete av den aktuelle internasjonale politiske situasjonen. Sentrale tema under den 69. generaldebatten til FN var kampen mot ekstremisme og terrorisme, gjennomføring av tusenårsmåla, dei nye berekraftsmåla, dei mange humanitære krisene, Gaza-krigen og situasjonen i Ukraina.

Statsminister Erna Solberg heldt det norske innlegget. Ho var oppteken av gjennomføringa av tusenårsmåla og behovet for å utvikle nye ambisiøse og realistiske berekraftsmål. Statsministeren la vekt på utdanning for jenter som avgjerande for å få slutt på fattigdom, og viste til norsk innsats. Solberg fordømte Russland sine brot på folkeretten og destabiliseringa av Ukraina. Ho støtta initiativet frå USA og resolusjonen frå Tryggingsrådet om framandkrigarar. Ho viste vidare til dei store humanitære utfordringane mellom anna i Syria, Irak og Sør-Sudan, som krev internasjonal mobilisering. Ho trekte fram norske initiativ som gjevarkonferansen for Sør-Sudan og den då føreståande konferansen for Gaza. Til sist kom statsministeren med eit sterkt forsvar for menneskerettane og støtta Generalsekretæren sitt initiativ Human Rights Up Front, som dreier seg om å setje menneskerettane i sentrum for all FN-innsats.

Svært mange land var opptekne av arbeidet med å kjempe mot ekstremisme og terrorisme. Mange av talarane la vekt på at ISIL har gått til åtak mot heile verdigrunnlaget til FN. President Barack Obama mobiliserte til kamp mot militant ekstremisme og terrorisme, og streka under at ISIL skal stoppast. Både president François Hollande og statsminister David Cameron konsentrerte seg om ISIL i innlegga sine. Cameron rekte ut handa til Iran som partnar, og rekna dette landet for å vere ein del av løysinga og ikkje ein del av problemet. Cameron lanserte eit framlegg om å opprette ein eigen spesialrepresentant mot ekstremisme. Malaysia tok til orde for ein koalisjon av moderate islamske leiarar mot ekstremistiske islamske rørsler. Fleire afrikanske statsleiarar minna om at kampen mot ekstrem islam ikkje berre handlar om Midtausten, men òg om store delar av Afrika. EU peikte på at dei arabiske og muslimske landa må stå i frontlinja mot voldelege ekstremistgrupper som ISIL og Boko Haram. Den iranske presidenten meinte at dei strategiske feilskjæra i Vesten har lagt grunnlaget for framvoksteren av ekstremisme i regionen. Òg Russland støtta kampen mot terroristar. Utanriksminister Lavrov meinte at det var naudsynt med ei brei tilnærming som tok for seg røtene til problema. Russland ville gjere framlegg om dette i Tryggingsrådet.

Fleire land, i første rekkje dei arabiske, omtala Gaza-krigen i innlegga sine. Qatar meinte at Israel sine handlingar i Gaza kan vere brotsverk mot menneskeslekta. Det var òg andre som fordømte den israelske handlemåten. Jordan streka under at palestinarane hadde krav på rettferd, vørdnad, framtidsutsikter og håp. Tostatsløysinga må gjennomførast. Urettferd fremjar radikalisering, og problema i Midtausten påverkar heile verda. Egypt streka under at religiøs ekstremisme og terrorisme må møtast med hard motstand, og tok eit oppgjer med Det muslimske brorskapet. Fleire land framheva òg at vi ikkje må gløyme den dystre tryggingsmessige og humanitære situasjonen i Syria. Mange, medrekna den finske presidenten, streka under kor viktig det er å finne ei politisk løysing i Syria.

Ebola stod sentralt i generaldebattinnlegget hjå mange land, utan omsyn til regionar. Mange afrikanske land var nøgde med at ebola-krisa var løfta frå å vere eit afrikansk problem til å vere eit ansvar for heile verda. Mange talarar la vekt på at eit sterkare FN må ha ei sentral rolle når det gjeld klima, berekraftsmåla, konfliktløysing og respons på svært mange humanitære kriser. Ei rekkje land argumenterte for reform av Tryggingsrådet. Dei streka under behovet for ein sterk multilateral verdsorden som byggjer på folkeretten og menneskerettane, med sikte på å løyse globale utfordringar. Langvarige utfordringar må løysast gjennom felles handling. Stillehavsstatane framheva dei dramatiske utfordringane som dei står overfor når havet stig på grunn av klimaendringane.

Medan president Obama og mange vestlege land, medrekna Noreg, fordømte dei russiske inngrepa i Ukraina, slo Russlands utanriksminister Lavrov tilbake mot Vestens kritikk av den russiske handlemåten i Ukraina. Lavrov meinte at det var USA som hadde sett standarden for unilateral maktbruk for å fremje regimeendring; i det tidlegare Jugoslavia, i Irak, i Afghanistan og i Libya. Det var desse amerikanskleidde aksjonane som hadde ført til kaoset som ein no stod overfor. Ukraina var ein del av dette biletet. Vesten hadde ikkje lytta til det russiske ønsket om samarbeid, men tok sikte på å utvide den geopolitiske innverknaden sin på andre sin kostnad. Samstundes streka han under at Russland ønskjer fred og dialog med nabolanda.

2.2 Høgnivåmøte

Opninga av Generalforsamlinga i FN er den viktigaste politiske møteplassen i verda, med svært mange møte mellom statsleiarar, utanriksministrar og andre politikarar frå dei 193 medlemslanda i FN gjennom ei hektisk veke. Ved sida av generaldebatten vart det halde ei rekkje større høgnivåmøte. Det vart halde eit klimatoppmøte med sikte på å halde ved lag klimaengasjementet på høgt politisk nivå fram mot toppmøtet i Paris i 2015. Vidare vart det halde ein verdskonferanse for urfolk og ein spesialsesjon om befolkning og utvikling (ICPD). Noreg tok aktivt del under alle desse møta. I tillegg var det fleire møte om tusenårsmåla til FN og dei nye berekraftsmåla. Noreg fekk god oppslutning om det årlege Trygve Lie-symposiet om menneskerettar, der føremålet denne gongen var å støtte initiativet frå Generalsekretæren for å styrkje menneskerettsaspektet i den samla verksemda til FN (Human Rights Up Front). I tillegg stod Noreg for eit sidearrangement om demokratisk styresett i dei nye berekraftsmåla og eit møte i Gjevarlandsgruppa for Palestina (AHLC). Nedanfor følgjer ei omtale av eit nokre av møta som Noreg tok del i under høgnivåveka:

Klimatoppmøtet til FN

Generalsekretær Ban Ki-moon arrangerte eit klimatoppmøte for å sikre framdrifta fram mot toppmøtet i Paris i desember 2015. Under møtet vart det lagt fram ei rekkje nye initiativ, mellom anna når det gjeld energi, skog og landbruk. Generalsekretæren streka under at det no trengst reell politisk handling for å redusere klimagassutsleppa. I tillegg til medlemslanda var òg sivilsamfunnet og den private sektoren inviterte til toppmøtet. Generalsekretæren legg vekt på større engasjement frå den private sektoren for å redusere klimagassutsleppa. Mange land var opptekne av at naturkatastrofar og klimaendringar er eit trugsmål mot utvikling. Statsminister Solberg gjorde greie for dei ulike initiativa som Noreg støttar på klimaområdet, og streka under behovet for å inngå ein avtale i Paris som har eit langsiktig mål om nullutslepp i 2050. Det vart annonsert at Noreg vil løyve 200 millionar kroner til det grøne klimafondet i 2015, og at den samla løyvinga vil verte kunngjord på påfyllingsmøtet i november. Før toppmøtet hadde Noreg og EU invitert til eit ministermøte om forhandlingane om den nye klimaavtalen som skal inngåast i Paris. Møtet var eit ledd i den rolla Noreg har som brubyggjar i klimaforhandlingane. Noreg og USA arrangerte dessutan eit ministermøte om klimafinansiering.

Verdskonferansen for urfolk

For første gongen vart det halde ein verdskonferanse for urfolk der medlemslanda tok del på høgt nivå, og der det møtte fram urfolksrepresentantar frå heile verda. Til saman var om lag 2000 urfolksrepresentantar til stades. Verdskonferansen vedtok samrøystes eit ambisiøst sluttdokument som var forhandla fram på førehand. Det nære samarbeidet mellom representantar for samane og norske styresmakter var svært verdfullt gjennom heile prosessen fram mot sluttdokumentet. Etter dokumentet forpliktar medlemslanda seg til å setje i verk spesifikke tiltak for å oppfylle urfolksfråsegna til FN. I dokumentet vert det lagt vekt på deltaking frå urfolk gjennom konsultasjonar og samarbeid med statane. Samstundes vert det retta fleire oppmodingar til FN-systemet om deltaking frå urfolk. Gjennom verdskonferansen deltok statar og urfolksdelegatar på lik linje. Innlegga har vore prega av vilje til og krav om å gå frå fråsegn til gjennomføring. Oppfølginga av fråsegna vil vere utfordrande og krevje aktiv innsats frå dei statane som kjempar for rettane til urfolk. Utanriksminister Børge Brende deltok ved opninga av verdskonferansen, saman med sametingspresident Aili Keskitalo og statssekretær Anders Bals frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Sametingspresidenten heldt innlegg på vegner av dei arktiske urfolka.

Spesialsesjon om befolkning og utvikling (ICPD)

Spesialsesjonen om befolkning og utvikling markerte at det var 20 år sidan befolkningskonferansen i Kairo. Kairo-konferansen endra måten ein tenkte om befolkningsvekst i internasjonal samanheng – frå å fokusere på å avgrense befolkningsveksten til å sikre kvart individ sin rett til seksuell og reproduktiv helse. Handlingsplanen som vart vedteken den gongen, var eit gjennombrot for arbeidet med likestilling og rettane til kvinner. Fokus for spesialsesjonen var å drøfte status for gjennomføringa av handlingsplanen frå Kairo, dele nasjonale røynsler om gjennomføringa og dessutan å drøfte arbeidet med dei nye berekraftsmåla som skal vedtakast i 2015. Noreg la vekt på støtte til den globale kampanjen for kamp mot kjønnsskamfaring og kampanjen mot barne- og tvangsekteskap. Norsk støtte til arbeidet med å kjempe mot all diskriminering, medrekna diskriminering på grunnlag av seksuell legning og kjønnsidentitet, vil òg verte vidareført. Ein hovudbodskap var at universell tilgang til seksuell og reproduktiv helse og tilhøyrande rettar må inn i den nye utviklingsagendaen.

Møte i Tryggingsrådet om framandkrigarar og terrorisme

Under leiing av president Obama heldt Tryggingsrådet eit møte om framandkrigarar. Dei fleste landa stilte på statsleiar- eller regjeringssjefsnivå. Det faktum at presidenten sjølv var møteleiar, er illustrerande for kor stor vekt USA legg på kampen mot radikalisering, ekstremisme og framandkrigarar. Under møtet vart det samrøystes vedteke ein resolusjon under kapittel VII i FN-pakta som forplikta alle medlemslanda til ei rekkje tiltak for å hindre rekruttering, organisering og finansiering av framandkrigarar og for kamp mot radikalisering og ekstremisme. Statsminister Solberg streka under kor viktig det er å kjempe mot radikalisering og ekstremisme både i dei regionane som det kjem ved, og i land som ikkje er direkte råka av pågåande konfliktar. Solberg viste til den norske handlingsplanen for førebygging av radikalisering og voldeleg ekstremisme, som inkluderer mange av elementa i resolusjonen, og til lovframlegget frå regjeringa om kriminalisering av deltaking i væpna konflikt i utlandet. Ho streka under kor viktig det er at verdssamfunnet stod samla, noko som ikkje minst vart symbolisert ved at litt over hundre land, mellom dei Noreg, stod som medframleggsstillarar til resolusjonen.

Tusenårsmåla

Statsminister Solberg leier generalsekretær Ban Ki-moon si pådrivargruppe for tusenårsmåla til FN, saman med Rwandas president Paul Kagame. Generalsekretæren opna møtet i denne gruppa, der meir enn 300 deltakarar frå styresmakter, FN, næringslivet og sivilsamfunnet deltok. Hovudføremålet med møtet var å medverke til auka innsats for dei åtte tusenårsmåla i dei siste 462 dagane før utgangen av 2015. Som eit bidrag til dette vart det lansert ein rapport om røynslene frå 14 års innsats for å fremje måla. Rapporten er eit resultat av eit initiativ som statsminister Solberg tok våren 2014, der ho, saman med president Kagame, inviterte 50 internasjonale leiarar til å bidra med sine røynsler.

Møte i gjevargruppa for Palestina

Utanriksminister Børge Brende leidde det årlege møtet i gjevargruppa for Palestina (AHLC), saman med EUs høgrepresentant Catherine Ashton og USAs utanriksminister John Kerry. Generalsekretær Ban Ki-moon var vert for møtet. Frå Palestina deltok statsminister Rami Hamdallah og finansminister Shoukri Bishara, medan viseutanriksminister Tzachi Hanegbi representerte Israel. Ei rekkje andre utanriksministrar var til stades og heldt innlegg, mellom anna frå Jordan, Italia, Tyrkia og Japan. Det var stor semje blant deltakarane om behovet for ei politisk løysing i Gaza, og at er uakseptabelt å vende tilbake til status quo. Gjevarlanda melde klart ifrå om at dei ikkje ønskte å byggje opp att Gaza, for på nytt å risikere øydelegging i ein ny krig. Situasjonen i Gaza var på eit botnpunkt, men det var semje om behovet for å nytte høvet til å presse på for å kome fram til ei berekraftig og langsiktig politisk løysing. Det var viktig å få på plass ei stabil og varig våpenkvile, og å ta opp att fredsforhandlingane mellom Israel og Palestina med tostatsløysinga som eit endeleg mål. Den palestinske økonomien var i nedgang, og både Verdsbanken og IMF streka under at økonomisk vekst var uråd utan at Israel lettar på restriksjonane. Det kom fram ein klar bodskap til Israel om å leggje til rette for ein slik økonomisk vekst ved å lette på restriksjonane.

Trygve Lie-symposiet

Trygve Lie-symposiet om menneskerettar er eit årleg norsk høgnivåmøte som vert arrangert i samarbeid med International Peace Institute (IPI). Temaet for møtet i år, som vart leidd av utanriksminister Børge Brende, var «Human Rights Up Front: Preventing Human Rights Crisis World Wide». I tillegg til utanriksministeren deltok FNs visegeneralsekretær Jan Eliasson, UNDP-leiar Helen Clark, Rwandas utanriksminister Louise Mushikiwabo, FNs høgkommissær for menneskerettar Zeid Ra’ad Al Hussein og leiaren for International Rescue Committee, David Miliband, i panelet. Føremålet var å markere støtte til Generalsekretæren sitt initiativ «Human Rights Up Front». Initiativet handlar om å gjere FN betre i stand til å handtere grove brot på menneskerettane og å styrkje menneskerettsdimensjonen i den samla innsatsen til FN. I innleiinga si la utanriksministeren vekt på at vern og fremjing av menneskerettar er ein av dei tre hovudpilarane til FN, saman med fred og tryggleik og utvikling. Men menneskerettspilaren er ikkje vorten tilstrekkeleg prioritert. Betre handtering av brot på menneskerettane i ein tidleg fase vil kunne medverke til å hindre at konfliktsituasjonar eskalerer.

Rettane til lesbiske, homofile, bifile og transseksuelle

Kjernegruppa for rettane til lesbiske, homofile, bifile og transseksuelle (LHBT-personar), som Noreg er medlem av, arrangerte eit ministermøte i FN om kamp mot vald og diskriminering. FNs høgkommissær for menneskerettar Zeid Ra’ad Al Hussein var hovudtalar, og snakka om FNs «Free and Equal»-kampanje, som Noreg støttar. USAs utanriksminister John Kerry annonserte at fire nye land stilte seg bak ei fellesfråsegn som 85 land underteikna i 2011. Utanriksminister Brende deltok på møtet, og Noreg sponsa ei fotomarkering der dei som deltok på heile høgnivåveka, kunne ta bilete av seg sjølve med plakatar som støtta likeverd for LHBT-personar. Mange stats- og regjeringssjefar, i tillegg til 22 ministrar, deltok i kampanjen gjennom sosiale medium. I alt 1 500 personar var innom fotoboksen, og kampanjen nådde 600 000 menneske.

Høgnivåmøte om berekraftig energi for alle (SE4ALL)

Generalsekretæren stod bak eit høgnivåmøte om initiativet «berekraftig energi for alle» (SE4ALL). Noko av bakgrunnen for initiativet er at over 1,2 milliardar menneske i verda manglar tilgang til elektrisitet. Initiativet vart grundig gjennomgått på møtet, og det vart særleg lagt vekt på finansiering, fornybar energi, energieffektivisering og arbeid på landnivå. SE4ALL sitt energieffektiviseringsinitiativ «Energy Efficiency Accelerator Platform» vart annonsert. Dette initiativet har som mål å medverke til å løyse ut investeringar i energieffektivisering innanfor mellom anna bygningar, transport, oppvarming, belysning og elektriske apparat. Initiativet er utvikla av og vert i stor grad leidd av den private sektoren. Det har kome klare og tydelege overslag over mogleg oppnådde reduksjonar når det gjeld klimagassutslepp, innsparingar og redusert energiforbruk. Dersom togradersmålet skal nåast, er det heilt avgjerande at reduksjonspotensialet innanfor energieffektivisering vert realisert. Under møtet lanserte Noreg initiativet «1Giga ton Coalition», som skal medverke til å synleggjere og dokumentere korleis energitiltak kan redusere utslepp av klimagassar.

Høgnivåmøte i Tryggingsrådet om Irak

USA arrangerte eit høgnivåmøte i Tryggingsrådet om Irak, som vart leidd av USAs utanriksminister John Kerry. Møtet samla utanriksministrar frå 23 land, blant dei Noreg, og representantar frå ei rekkje andre land som det kjem ved, og førte fram til ei presidentfråsegn. Møtet sende eit sterkt signal om at det internasjonale samfunnet står samla, etter at ISIL i altfor lang tid har kunna vakse seg sterk på grunn av regional rivalisering og manglande strategi. Irak gjorde det klart at dei ønskte politisk, militær, humanitær og anna støtte i kampen mot ISIL, og fekk brei støtte til dette. Noreg kunngjorde ytterlegare humanitære bidrag på ti millionar dollar til Syria og Irak, og annonserte at Noreg stod klar til å medverke med militære stabsoffiserar og kapasitetsbygging.

Høgnivåmøte om FNs fredsoperasjonar

FNs generalsekretær Ban Ki-moon og USAs visepresident Joe Biden leidde eit høgnivåmøte om styrking av fredsoperasjonane til FN, saman med Rwandas president Paul Kagame og statsministrane frå Bangladesh, Pakistan og Japan. Verdssamfunnet står i dag overfor mange og samansette trugsmål og konfliktbilete, og det globale tryggleikslandskapet har endra seg mykje. Med dette bakteppet har Generalsekretæren teke initiativ til ein omfattande gjennomgang av fredsoperasjonane til FN. Over 30 land deltok i møtet, der det vart uttrykt stor støtte til fredsoperasjonane og sett fram konkrete lovnader om bidrag. I innlegget sitt uttrykte utanriksminister Brende støtte til gjennomgangen og framheva norsk medverknad, med særleg vekt på oppfølging av tryggingsrådsresolusjonane om kvinner, fred og tryggleik.

Utdanning

Generalsekretæren sitt initiativ for utdanning, «Global Education First Initiative», har som mål å sikre at alle barn får skolegang, at dei lærer og at undervisninga medverkar til at elevane vert samfunnsansvarlege borgarar. Generalsekretæren samla statsleiarar frå ei rekkje land til eit møte for å diskutere korleis kvaliteten kan styrkjast i undervisninga. USAs førstedame Michelle Obama streka under at utdanninga av jenter og unge kvinner har samanheng med korleis kvinner vert sett på og behandla i samfunnet. For at det skal verte framgang, må oppfatningar og haldningar endrast. Statsminister Erna Solberg annonserte at Noreg ville doble bistanden til utdanning over dei neste tre åra. Ho fortalde at Noreg ville prioritere fattige og sårbare barn, til dømes dei som lever i konfliktsituasjonar, barn med nedsett funksjonsevne og barnearbeidarar. Jenter og unge kvinner vil verte ei spesiell målgruppe i den norske satsinga. Det vart annonsert at i 2015 vil Noreg, i samarbeid med spesialutsending Gordon Brown, arrangere eit toppmøte om styrking av innsatsen for utdanning.

Høgnivåmøte om ebola-epidemien

Generalsekretæren inviterte til eit høgnivåmøte for å mobilisere støtte mot ebola-epidemien.

President Obama varsla at helsesystema i Liberia, Guinea og Sierra Leone var nær ein kollaps. Dersom ikkje verdssamfunnet oppgraderer innsatsen sin dramatisk, var det risiko for ein humanitær katastrofe i regionen. Den internasjonale innsatsen var styrkt, men langt ifrå tilstrekkeleg. Ytterlegare mobilisering måtte til. Noreg, ved statsministeren og utanriksministeren, kunngjorde eit samla bidrag på 86 millionar kroner. Før høgnivåmøtet hadde Tryggingsrådet kalla inn til eit hastemøte der ebola vart erklært som ein fare mot internasjonal fred og tryggleik. Det vart vedteke ein resolusjon om utbrotet med 130 medframleggsstillarar, medrekna Noreg, som er det høgaste talet på medframleggsstillarar for ein tryggingsrådsresolusjon nokon gong. Difor var det historisk semje om tryggingsrådsresolusjonen om å auke innsatsen mot ebola.

Høgnivåmøte om Somalia

Føremålet med høgnivåmøtet om Somalia var å styrkje den politiske overgangsprosessen kalla «Vision 2016»» fram mot ein større partnarskapskonferanse om Somalia i København i november. Det vart uttrykt brei støtte til somaliske styresmakter for freistnadene på å skape fred og for den politiske reformprosessen. Den somaliske regjeringa fekk honnør for framgangen med å skape grunnlag for eit suverent, samla, trygt og demokratisk Somalia. Storbritannias statsminister David Cameron sa at utviklinga i Somalia dei siste åra hadde gått betre enn venta, og meinte at det internasjonale samfunnet kunne lære av dette i andre konfliktar. Den afrikanske AMISOM-styrken fekk mykje ros saman med den somaliske hæren for å ha drive opprørsgruppa Al-Shabaab tilbake og på nytt teke den territorielle kontrollen over landet. Fleire av dei afrikanske ministrane tok til orde for at FN skal overta ansvaret for fredsoperasjonen. I innlegget sitt viste utanriksminister Brende til at den humanitære situasjonen var alvorleg, og at Noreg ville bidra med ytterlegare 35 millionar kroner.

Høgnivåpanel om Syria

Storbritannias utanriksminister Phillip Hammond leidde eit høgnivåpanel i FN-hovudkvarteret, saman med presidenten for den syriske nasjonalkoalisjonen (Syrian National Coalition), der utanriksminister Brende deltok. Føremålet med møtet var å støtte opp om den moderate syriske opposisjonen og drøfte vegen vidare i kampen mot ISIL. Blant andre paneldeltakarar kan nemnast utanriksministrane frå USA, Frankrike, Saudi Arabia, Tyrkia og Tyskland. Dessutan tok Jordan, Dei sameinte arabiske emirata, Qatar, Nederland og Den arabiske ligaen òg ordet i debatten. Innleiarane var opptekne av at president Bashar al-Assad ikkje var ein del av løysinga i kampen mot ISIL, slik han sjølv ønskte å framstille seg. Regimet var snarare ansvarleg for, og støtta opp om, framvoksteren av ekstrem islamistisk terror i Syria og Irak. Regimet var òg ansvarleg for gjennom dei siste tre åra å ha slått brutalt ned på fredelege protestar med alle middel, medrekna kjemiske våpen. Ifølgje FN var meir enn 190 000 menneske drepne og millionar drivne på flukt. Den syriske nasjonalkoalisjonen og støttespelarane hans stod no overfor to fiendar, Assad og ISIL. USA og Storbritannia med fleire var likevel klare på at det ikkje fanst noka militær løysing på konflikten i Syria, løysinga var politisk. For dette føremålet var det viktig å støtte opp om den syriske nasjonalkoalisjonen.

Høgnivåmøte om Libya

Generalsekretær Ban Ki-moon og FNs spesialrepresentant for Libya, Bernadino León, kalla inn til høgnivåmøte om Libya. Fleire deltakarar uttrykte støtte til dei legitime styresmaktene i landet, representerte ved presidenten for det Tobruk-baserte parlamentet. Presidentane frå Tsjad og Niger og utanriksministane frå Frankrike, Italia, Portugal, Algerie og Marokko streka mellom anna under behovet for både nasjonal dialog og forsoning og tiltak mot terrorisme og våpenbruk.

Høgnivåmøte om Den sentralafrikanske republikken

På eit høgnivåmøte om situasjonen i Den sentralafrikanske republikken, der mellom anna utanriksminister Kerry var til stades, vart det gjeve sterk og brei støtte til fredsinnsatsen i landet. Hovudbodskapen til deltakarlanda var tredelt: valden må stansast, partane må følgje opp dei vedtekne avtalane og det må skapast framdrift i arbeidet med det politiske vegkartet og leggjast grunnlag for framtidige val. Det vart uttrykt stor uro for den dystre humanitære situasjonen i landet, og for at berre 20 prosent av det pårekna behovet for humanitær hjelp var finansiert.

Situasjonen i Ukraina

Som leiar for Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) inviterte Sveits til eit møte om europeisk tryggleik og OSSE si rolle framover, sett i lys av Ukraina-konflikten. Møtet vart opna av den sveitsiske utanriksministeren Didier Burkhalter, og generalsekretæren for OSSE, Lamberto Zannier, var ordstyrar. Burkhalter streka under kor viktig det er å etterleve prinsippa i Paris-charteret (som byggjer på grunndokumentet til OSSE, Helsingforsfråsegna). Under møtet vart det halde i alt 37 innlegg, og essensen i nesten alle desse var at Russland sine handlingar i aust-Ukraina krenkte grunnleggjande folkerettslege prinsipp. Dette representerte det største tryggingspolitiske trugsmålet mot europeisk fred og tryggleik sidan den kalde krigen vart avslutta. Ukrainas utanriksminister Klimkin hevda at Ukraina var utsett for ein militær invasjon orkestrert frå Moskva. Det var naudsynt med opptrapping av militær og økonomisk assistanse frå medlemsstatane i OSSE. Russland ved utanriksminister Lavrov tok opp att velkjende posisjonar om at krisa i Ukraina berre er eit symptom på den manglande respekten som Vest-Europa har for russisk innverknad og kultur. Årsaka til krisa var maktovertakinga frå ukrainske nasjonalistar i Kiev og påfølgjande manglande respekt for russiske minoritetar. Frå norsk side vart det peikt på at Russlands framferd i Ukraina utgjorde grove brot på folkeretten og er eit alvorleg trugsmål mot europeisk tryggleik. Det internasjonale samfunnet måtte stå samla, ikkje minst med iverksetjing av restriktive tiltak og sanksjonar, og såleis gjere det klart at russisk aggresjon var uakseptabel og hadde konsekvensar, ikkje minst for russisk økonomi.

Situasjonen i Sør-Sudan

FNs kontor for koordinering av humanitær bistand (OCHA) og FNs avdeling for fredsbevarande operasjonar (DPKO) organiserte eit felles møte for å drøfte situasjonen i Sør-Sudan og gjere opp status etter gjevarkonferansen i Oslo i mai. Det var stor uro for den humanitære situasjonen og det store talet på internt fordrivne og flyktningar. Ifølgje UNICEF var 50 000 barn i fare for å omkomme dersom ikkje bistand når fram utan hindringar. Kvinner og barn var utsette for vald og overgrep. Det vart nytta svært sterke ord for å appellere til partane om å stanse krigføringa, respektere våpenkvileavtalen og verne sivile i medhald av internasjonal humanitærrett.

Demokratisk styresett og dei nye berekraftsmåla

Utanriksminister Brende, Botswanas utanriksminister og organisasjonen International IDEA var vertskap for eit fullsett møte om demokrati og godt styresett i dei nye berekraftsmåla (post 2015-agendaen). Målsetjinga med møtet var å streke under og mobilisere støtte for å ha med demokrati og godt styresett i dei nye berekraftsmåla. Visegeneralsekretær Jan Eliasson var hovudtalar og la vekt på kva rettsstaten har å seie for utvikling. Utanriksminister Brende gav eit sterkt forsvar for demokratisk styresett, rettsstat og menneskerettar som berebjelkar for utvikling, og fekk støtte frå mange av dei om lag hundre deltakarane, som omfatta statar frå alle regionar, sivilsamfunnsrepresentantar og representantar frå FN-systemet.

Kvinner og likestilling

Statsminister Erna Solberg deltok i ein offentleg samtale om norsk likestillingspolitikk med den profilerte forfattaren og journalisten Liza Mundy. Solberg møtte òg leiaren for UN Women, Phumzile Mlambo-Ngcuka, til samtale om FN-arbeidet for kvinners rettar og likestilling. Begge streka under kor viktig det er med utdanning for jenter og kvinner, det er sjølve fundamentet for alt anna som ein ønskjer å oppnå til dømes når det gjeld helse, deltaking i arbeidslivet og politisk innverknad for kvinner. Trass i framgang på mange område når det gjeld rettar og likestilling for kvinner, gjev utviklinga mange stader grunn til uro, særleg i område med krig og konflikt. Difor er arbeidet for å følgje opp tryggingsrådsresolusjonane om kvinner, fred og tryggleik framleis svært viktig.

Reform av Tryggingsrådet

Frankrike og Mexico arrangerte eit møte om dei fem faste medlemmene av Tryggingsrådet og bruken deira av vetoretten i situasjonar der det vert utført massive brotsverk (folkemord, brotsverk mot menneskeslekta og krigsbrotsverk). Møtet var eit ledd i eit større fransk initiativ som vart lansert i 2013 for å utvikle retningslinjer for frivillig å avstå frå bruken av vetoretten i situasjonar der sivile vert truga av alvorlege brotsverk. Initiativet var aktualisert av Russland og Kinas mange veto mot vedtak frå Tryggingsrådet for å hjelpe sivile i Syria. Utanriksministeren uttrykte norsk støtte til initiativet, og viste til Rådet si manglande handleevne under folkemorda i Rwanda og Bosnia og i dagens krise i Syria. Dei fleste av dei i overkant 50 statane som tok ordet, blant desse fleire medlemmer av Rådet, uttrykte seg positivt om det franske initiativet. Russland meinte at ein måtte vere varsame med å avgrense vetoretten, som var eit realpolitisk kompromiss mellom dei mektigsate statane i verda for tilrettelegging av legitim maktbruk.

2.3 Saker som har gått direkte i plenum i Generalforsamlinga

I tillegg til generaldebatten er det fleire resolusjonar som går direkte i plenum i Generalforsamlinga, utan at dei er vortne handsama i dei seks faste komiteane. Det var òg fleire tematiske debattar i plenum, og då ofte i samband med handsaming av resolusjonar. Nedanfor følgjer omtale av nokre av dei viktigaste sakene:

Førebuingane til ein ny utviklingsagenda etter 2015 som skal kome i staden for tusenårsmåla, dominerte arbeidet med utviklingspolitiske spørsmål i plenumssakene i Generalforsamlinga. Uformelle forhandlingar om toppmøtet om dei nye berekraftsmåla i samband med opninga av FNs generaldebatt i 2015, vart haldne under leiing av Papua New Guinea og Danmark, følgt av Kenya og Irland, på oppdrag frå presidenten for Generalforsamlinga. I konsultasjonane vart òg forhandlingsprosessen omtala. Det var semje om at framlegga frå arbeidsgruppa om 17 berekraftsmål og 169 delmål skal leggjast til grunn i forhandlingane om den nye utviklingsagendaen etter 2015, men det vart lagt vekt på at andre innspel òg var viktige, som til dømes rapporten frå den mellomstatlege ekspertkomiteen om finansiering av berekraftig utvikling og synteserapporten frå Generalsekretæren om den nye utviklingsagenden etter 2015. Deltaking frå sivilsamfunnet på toppmøtet og i forhandlingsprosessen var omstridde tema.

FN vedtok å halde ein tredje internasjonal konferanse om finansiering for utvikling i Addis Abeba i juli 2015. Presidenten for Generalforsamlinga peikte ut Noreg og Guyana til å leie dette arbeidet. Det vart halde to tematiske møterekkjer som førebuing til forhandlingane om finansiering for utvikling i 2015.

Generalforsamlinga i FN vedtok å forhandle fram eit FN-basert, juridisk bindande instrument om statsgjeld etter framlegg frå G77-gruppa (ein laus koalisjon av 130 utviklingsland, som ofte står saman i FN), med Argentina i spissen. Bakgrunnen for dette er krisene dei siste åra og utviklinga i arbeidet med statsgjeld. Noreg anerkjenner behovet for ei uavhengig og multilateral tilnærming til gjeldskriser i utviklingsland. Samstundes meinte Noreg at prosessen bak resolusjonen ikkje vart driven av konsensus, noko som gjev resolusjonen ein avgrensa operasjonell verdi. Noreg valde difor å avstå frå å røyste.

Noreg leidde forhandlingane om ein resolusjonen om global helse- og utanrikspolitikk, som i år hadde fokus på vern av helsearbeidarar i både krig og krisesituasjonar, eit tema som vart særleg aktuelt som følgje av ebola-utbrotet og dei mange humanitære krisene. Resolusjonen fekk over 60 medframleggsstillarar, og vart varmt motteken av mellom anna dei landa i Vest-Afrika som var hardast råka av ebola. Vidare har delegasjonen aktivt følgt opp FN-innsatsen mot ebola mellom anna gjennom ei rekkje innlegg i både Tryggingsrådet og Generalforsamlinga.

Noreg spela ei aktiv rolle i forhandlingane om den årlege generelle humanitære resolusjonen i Generalforsamlinga og fekk gjennomslag for prioriteringar knytte til utdanning i kriser, varige løysingar for internt fordrivne og seksuell og reproduktiv helse. Dei vanlege skiljelinjene mellom tradisjonelle gjevarland og særleg konfliktråka land prega forhandlingane denne hausten òg, men dei aller mest ytterleggåande landa var meir isolerte enn tidlegere. Det kom òg til semje om resolusjonane om naturkatastrofar og om tryggleik for humanitært personell. Òg i den førstnemnde resolusjonen fekk Noreg gjennomslag for ei noko sterkare omtale av internt fordrivne. Den generelle resolusjonen om FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR), som vart forhandla fram i Genève, vart òg vedteken ved konsensus.

Generalforsamlinga vedtok den årlege resolusjonen om dei økonomiske sanksjonane frå USA mot Cuba. Røystemønsteret var identisk med i fjor: 188 land røysta for, 2 land røysta imot (USA og Israel) og 3 land lèt vere å røyste (Marshalløyene, Mikronesia og Palau). Midtausten og Palestina-spørsmålet vart òg handsama i plenum i Generalforsamlinga, der det vart vedteke ei rekkje resolusjonar med same røystemønster som i tidligare år. Dei årlege resolusjonane om Afghanistan og Myanmar vart vedtekne utan røysting.

Resolusjonen om samarbeid mellom Europarådet og FN vart vedteken i Generalforsamlinga ved konsensus. EU heldt ei posisjonsforklaring på vegner av EU-landa, Sveits, Liechtenstein og Noreg der ein sa seg lei for at språk om dødsstraff heller ikkje denne gongen vart teke med.

Noreg fekk gjennomslag for viktige prioriteringar i havretts- og fiskeriresolusjonane, ikkje minst kor viktig sjømat er for å sikre den globale mattryggleiken, kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (såkalla UUU-fiske) og tiltak mot menneskehandel og tvangsarbeid i fiskerisektoren. I samband med forhandlingane om havrettsresolusjonane var Noreg blant dei statane som var skeptiske til å ta inn eit tekstframlegg om vern av småkval. Etter Noreg sitt syn er konkrete forvaltingsvedtak ikkje eigna for drøfting i FNs generalforsamling, men bør helst gå føre seg i dei organisasjonane som har det særlege forvaltingsmandatet over dei aktuelle artane. Framlegget vart til slutt ikkje teke inn i den endelege teksten.

Noreg støtta aktivt opp om ein resolusjon om jordobservasjon for berekraftig utvikling, som vart vedteken med konsensus. Målet er å utvikle ei meir nøyaktig global referanseramme for å få eit betre utgangspunkt for måling og overvaking av jorda. Denne informasjonen vert mellom anna nytta til GPS – i mobiltelefonar, måling av konsekvensane av klimaendringar og til styring av flytrafikken.