Meld. St. 36 (2014–2015)

Noregs deltaking i den 69. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN)

Til innhaldsliste

4 Tryggingsrådet

Ukraina prega framleis dagsordenen til Tryggingsrådet hausten 2014, med omfattande møteverksemd fram til Minsk-avtalene vart gjorde i september, og deretter utover hausten. Møta i Rådet om Ukraina fann ofte stad i ope format, med orienteringar om den politiske, humanitære og menneskerettslege situasjonen og påfølgjande til dels konfronterande ordskifte. På grunn av russisk motstand gav desse drøftingane få konkrete resultat. Sjølv om Ukraina-konflikten prega samarbeidsklimaet i Tryggingsrådet i 2014, var det heller liten smitteeffekt på andre saksfelt på Rådet sin dagsorden. Handlingslamminga til Rådet når det gjeld dei grunnleggjande politiske spørsmåla i Syria vart likevel vidareførte frå tidlegare år.

Tryggingsrådet har halde fram dei faste drøftingane sine om Syria fleire gonger i månaden, med fokus på uttransporteringa av kjemiske våpen og den humanitære situasjonen. Fellesoperasjonen mellom FN og Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (Organization for the Prohibition of Chemical Weapons, OPCW) vart avslutta i slutten av 2014. Dei fleste av medlemslanda i Rådet ønskjer likevel å ha kjemivåpenspørsmålet ståande på dagsordenen, særleg i lys av rapportane om bruk av klorbomber og oppgåver som står att når det gjeld destruksjon av anlegg for produksjon av kjemiske våpen. Den humanitære situasjonen i Syria og grannelanda vart endå verre enn før, med rekordmange hjelpetrengjande. I desember vart tryggingsrådsresolusjonane om humanitær tilgang som vart vedtekne tidlegare i 2014, lengde med tolv månader. FNs spesialutsending til Syria, Staffan dei Mistura, har orientert Rådet utover haust, særleg om arbeidet for ein politisk plan med frys-soner.

Kampen mot framandkrigarar og ISIL har særleg prega Syria- og Irak-handteringa i Tryggingsrådet hausten 2014. Gjennom tryggingsrådsresolusjonar er statane pålagde å gjennomføre ei rekkje sivil- og strafferettslege tiltak mot framandkrigarverksemd, medrekna betre grensekontroll, kriminalisering av terrororganisering og –finansiering, og reiser med terrorføremål. Denne utviklinga har skapt større konsensus mellom dei fem faste tryggingsrådsmedlemmene når det gjeld Syria-spørsmål, der Rådet har vore delt i fire år. Den gradvis tydelegare regionale dimensjonen i operasjonane til og finansieringa av terrororganisasjonane, og evna deira til å operere på tvers av landegrenser i breiare tyding, er ei stor utfordring.

Krigen i Gaza førte til fleire møte i Tryggingsrådet, både under og etter kamphandlingane. Etter at ei rekkje diskusjonar om resolusjonar om Gaza mislukkast, la Abbas i høgnivåveka fram den store planen sin om ein tryggingsrådsresolusjon om ein tidfesta slutt på okkupasjonen og om palestinsk statsdanning. Her låg det òg eit trugsmål om å gå til Den internasjonale straffedomstolen (ICC) dersom det ikkje vart gjennomslag. Forhandlingar om ein slik Palestina-resolusjon prega mye av hausten, der den spente situasjonen i Jerusalem òg prega arbeidet til Rådet. Rett før nyttår pressa palestinarane fram votering om eit resolusjonsframlegg, men utan å lukkast ettersom ein ikkje hadde dei ni røystene som var naudsynte. USA røysta imot saman med Australia, men slapp å nytte vetoretten. Palestina følgde opp den 2. januar 2015 og leverte inn tilslutningsdokumenta sine til ICC. Tilslutninga tok til å gjelde 1. april 2015.

Sør-Sudan har vore ein viktig del av dagsordenen til Tryggingsrådet òg gjennom hausten 2014. Rådet har fordømt samanstøytane og kravd stans i kamphandlingane. USA har ved fleire høve signalisert at dei vurderer å leggje fram ein sanksjonsresolusjon for å leggje auka press på partane. Det er stor skepsis til sanksjonar både frå regionen, Kina og Russland. Storbritannia og andre vestlege medlemmer av Rådet har argumentert for at våpenembargo burde vere del av ein pakke med straffetiltak, men intern usemje om dette i den amerikanske administrasjonen har gjort dette uaktuelt. FN sitt ønske om å etablere ei brei kontaktgruppe som er samansett av tryggingsrådsmedlemmer, troikaen (USA, Storbritannia og Noreg) og land frå regionen, vart mislukka på grunn av motstand frå regionen og skepsis frå amerikansk hald. Framleis finst det over 100 000 internt fordrivne i FN-leirane som søkjer fysisk vern, og dette reduserer i stor grad den operative fleksibiliteten til FN-operasjonen UNMISS.

Mali har vore prega av ein forverra tryggleikssituasjon som har råka FN-operasjonen MINUSMA hardt. Minst 30 FN-soldatar er drepne og over 100 skadde i åtak frå ulike opprørs- og terrorgrupper. Fleire forhandlingsrundar er gjennomførte mellom maliske styresmakter og representantar for opposisjonen, med Algerie som vertskap. Forhandlingane har vore vanskelege ettersom opprørsgruppene er svært fragmenterte og prega av til dels sterk intern strid. Den robuste franske kontraterroroperasjonen i Mali (Servale) er bytt ut med ein mindre styrke med regionalt mandat (Barkhane). Dette har redusert det franske militære fotavtrykket i Mali og gjeve større handlingsrom for opprørsgrupper.

Tryggleikssituasjonen i Den sentralafrikanske republikken (SAR) er noko betre etter at FN-operasjonen MINUSCA overtok etter den afrikanske MISCA-operasjonen i sommar. Overgangen frå AU- til FN-leiing av operasjonen har vore meir vellukka enn den tilsvarande overgangen i Mali. Likevel er det svært store tryggingsmessige og humanitære utfordringar i landet, i tillegg til at det er sterk intern usemje om vegen vidare i fredsprosessen.

Tryggingsrådet har halde fleire tematiske debattar mellom anna med fokus på vern av sivile, barn i væpna konflikt, arbeidsmetodar og førebygging av konflikt. Dei nordiske landa har hatt ein tydeleg profil i debattane, med felles innlegg som Sverige har halde. Noreg har i tillegg halde nasjonale innlegg under dei kvartalsvise debattane om Midtausten.

Den mellomstatlege prosessen om reform av Tryggingsrådet heldt eitt møte hausten 2014. Prosessen held fram i 2015. Gjennom det tverregionale nettverket ACT (Accountability, Coherence, Transparency) har Noreg engasjert seg i arbeidet for meir opne og etterrettelege arbeidsmetodar i Tryggingsrådet. Nettverket legg mellom anna vekt på fleire opne møte, meir inkluderande prosessar, møte med presidentskapen kvar månad og meir innsyn når det gjeld utnemning av subsidiære organ. ACT arbeider òg for meir innsyn rundt nominasjonen av ny generalsekretær, og har utfordra medlemmene av Rådet til å forplikte seg til ikkje å røyste imot ein resolusjon med sikte på å førebyggje/stanse folkemord, brotsverk mot menneskeslekta og krigsbrotsverk. Noreg har òg teke aktivt del i andre initiativ for førebygging av masseovergrep og styrking av prinsippet om ansvaret for å verne. I denne samanhengen er det interessant at den brutale menneskerettssituasjonen i Nord-Korea første gongen vart sett på dagsordenen til Tryggingsrådet.

Debatten i haust om kvinner, fred og tryggleik i Tryggingsrådet fokuserte denne gongen på kvinner og jenter som er drivne på flukt i konfliktråka land. Temaet har fått auka merksemd i fleire FN-forum gjennom hausten. I samband med debatten arrangerte delegasjonen eit panel med kvinner frå Syria og Irak om kvinners rolle i kampen mot vald og ekstremisme i regionen. Delegasjonen var dessutan vertskap for eit arrangement med kvinnelege deltakarar frå Sør-Sudan og Colombia, som tok opp deltaking og innverknad frå kvinner i dei to fredsprosessane. Noreg har støtta den globale FN-studien for gjennomføringa av tryggingsrådsresolusjon 1325.