Meld. St. 36 (2014–2015)

Noregs deltaking i den 69. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN)

Til innhaldsliste

3 Dei faste komiteane i Generalforsamlinga

3.1 Generalforsamlingas 1. komité (internasjonal fred og tryggleik)

Noreg deltok aktivt i år under den første sesjonen i 1. komité, som vart halden 7. oktober–4. november 2015. Det vart halde eigne innlegg under generaldebatten og under dei tematiske debattane om høvesvis kjernefysiske våpen og andre masseøydeleggingsvåpen. Vi stod òg tilslutta røysteforklaringar på resolusjonar som er prinsipielt viktige for Noreg, og teikna oss som medframleggsstillarar for om lag 20 resolusjonar.

Dei tematiske debattane og til dels atmosfæren i komiteen var prega av Ukraina-konflikten, men òg av sonderande forhandlingar før tilsynskonferansen for ikkjespreiingsavtalen (NPT) neste år. Ut over dette var komiteen prega av kjende «gjengangarar» som masseøydeleggingsvåpenfri sone i Midtausten og framlegga frå dei alliansefrie landa (NAM) om forhandlingar om ein konvensjon mot kjernevåpen.

Svært mange land streka under målet om ei kjernevåpenfri verd. Det er aukande frustrasjon over det som vert oppfatta som manglande vilje hjå kjernevåpenstatane til å medverke til å nå dette målet. Behovet for at kjernevåpenstatane oppfyller nedrustingsforpliktingane sine i medhald av handlingsplanen frå tilsynskonferansen for ikkjespreiingsavtalen (NPT) 2010 var eit gjennomgangstema.

Svært mange land sette fokus på humanitære konsekvensar ved bruk av kjernevåpen. Denne gongen var det heile 155 land som slutta opp om fellesinnlegget om humanitære konsekvensar av kjernevåpen, som vart framført av New Zealand (ein auke på 30 land frå i fjor). Fleire la vekt på at det må setjast i gang arbeid for eit forbod mot kjernevåpen, eventuelt i form av ein konvensjon. Visse kjernevåpenmakter argumenterte derimot for ei stegvis tilnærming innanfor dei etablerte foruma.

Arabiske land framheva spesielt Midtausten-konferansen om ei kjernevåpenfri sone i regionen som ein grunnleggjande del av avtalen i 1995 om lenging av NPT inntil vidare.

Dei vestlege kjernevåpenstatane, og Canada, la vekt på å forhandle fram av ein avtale om forbod av produksjon av spaltbart materiale for kjernevåpenføremål (FMCT). Pakistan gjorde det klart at dei ikkje vil støtte igangsetjinga av eit slikt forbod verken i eller utanfor Nedrustingskonferansen (CD).

Dei fleste landa uttrykte frustrasjon over den fastlåste situasjonen i Nedrustingskonferansen (CD) og eit generelt dysfunksjonelt nedrustingsmaskineri. Fleire framheva at dei var vonbrotne over at det ikkje hadde kome til semje under den siste sesjonen av FNs nedrustingskommisjon (UNDC).

Russland og Kina streka under behovet for at det snart må setjast i gang forhandlingar om ein avtale om forbod mot utplassering av våpen i det ytre verdsrommet, og Russland introduserte ein ny resolusjon om «no first placement».

Når det gjeld kjemivåpenkonvensjonen, var det fleire land som uttrykte uro over at USA og Russland ikkje ser ut til å kunne oppfylle destruksjonsforpliktingane sine, som alt er utsette. Men mange la likevel vekt på den vellukka operasjonen for å fjerne kjemiske våpen i Syria.

Vidare sa komiteen seg nøgd med at det har kome i stand ein internasjonal våpenhandelsavtale (ATT).

3.2 Generalforsamlingas 2. komité (økonomiske og sosiale spørsmål)

I 2. komité prioriterte Noreg spørsmål om makroøkonomi og finans, berekraftig utvikling og andre tema som er knytte til den nye utviklingsagendaen etter 2015. Noreg heldt fem innlegg: eit generelt innlegg, om kvinner og utvikling, om berekraftig utvikling, om makroøkonomi og om utviklingsaktivitetane i FN. Temaet for det generelle innlegget var oppfylling av tusenårsmåla, at dei nye berekraftsmåla må vere universelle og inkludere dei tre dimensjonane av berekraftig utvikling, at ein må arbeide for finansiering for utvikling og at utviklingssystemet i FN må vere i takt med behova i framtida.

På grunn av dei snart komande forhandlingane om finansiering for utvikling og nye berekraftsmål etter 2015, var mange av resolusjonane prosedyreresolusjonar. Dette galdt òg dei fleste resolusjonane om makroøkonomi og finans, bortsett frå dei som handla om gjeld. Dei to gjeldsresolusjonane følgde opp den resolusjonen som vart vedteken av Generalforsamlinga i plenum, om at FN skulle starte forhandlingar om ein ny gjeldsmekanisme, noko som det ikkje var semje om. Noreg prøvde å spele ei konstruktiv rolle i forhandlingane. Dessverre var motsetnadene for store, og dei to komitéresolusjonane om gjeld kom til avrøysting fordi store kreditorland var usamde i at FN skal forhandle fram ein gjeldsmekanisme.

Forhandlingane om berekraftig utvikling (Agenda 21-resolusjonen) gjekk lettare enn før, sjølv om tilhøvet mellom høgnivåforumet for berekraftig utvikling og ECOSOC, syklusen for møta til høgnivåforumet under Generalforsamlinga og omtale av teknologioverføring baud på problem. I forhandlinga om energiresolusjonen oppstod det komplikasjonar rundt «Berekraftig energi for alle»-initiativet til Generalsekretæren. Noreg medverka aktivt til ei løysing.

Noreg har arbeidd for effektivisering og fokusering i FN-fonda og -programma og betre koordinering i utviklingssystemet i FN. Dette omfattar oppfølging av rammeresolusjonen om utviklingsaktivitetane i FN frå 2012 og deltaking i arbeidet for å støtte reforminitiativet til Generalsekretæren. Noreg har gått i brodden i uformelle prosessar om framtida til utviklingssystemet i FN, òg under ECOSOC. Vi har lagt vekt på den normative rolla til FN, og samanhengen mellom det normative og det operasjonelle. Noreg tok aktivt del i forhandlingane om utviklingsaktivitetane i FN. Desse forhandlingane stranda i siste augneblinken, etter lange og vanskelege forhandlingar, primært på grunn av usemje om reform av styrande organ og ønske frå G77 om å demonstrere fleirtalsmakt i den samanhengen. G77 såg resolusjonen i samanheng med resolusjonen om sør-sør-samarbeid, som òg kom til avrøysting. Ingen av dei sistnemnde resolusjonane er vortne tekne til votering før, og resultatet var uheldig.

Dei andre avrøystingane var som før knytte til Midtausten, og det var éi avrøysting om økonomiske spørsmål. Informasjonsteknologi var eit tema òg i 2. komité, der omtalen av nedkjemping av terrorisme var vanskeleg. Det er beklageleg at G77 i fleire resolusjonsframlegg hadde teke ut tekst om kvinner og likestilling jamført med tilsvarande resolusjonar i fjor, noko som det må arbeidast for å få tilbake. Når det gjeld arbeidsmetodane i 2. komité, vart fleire freistnader på ei rasjonalisering av arbeidet, til dømes ved å redusere talet på resolusjonar, slegne tilbake av G77. Nordisk og tverregionalt samarbeid med likesinna var viktig.

3.3 Generalforsamlingas 3. komité (menneskerettar, humanitære og sosiale spørsmål)

Noreg heldt ein aktiv og tydeleg profil gjennom heile 3. komité-sesjonen, som vart halden 7. oktober–26. november 2014, og vi fekk gjennomslag for dei viktigaste prioriteringane våre. Vi deltok mellom anna i kjernegruppa til fire resolusjonar: dødsstraff, utanrettslege avrettingar (nordisk), personvern og menneskerettssituasjonen i Iran. Resolusjonen om dødsstraff fekk auka oppslutning. Det er eit viktig signal til omverda at talet på land som nyttar dødsstraff, og som røystar mot resolusjonen, stadig vert mindre. Resolusjonen om utanrettslege avrettingar fekk òg auka oppslutning.

Det viktigaste vedtaket under sesjonen galdt resolusjonen om Nord-Korea. Det var semje i Generalforsamlinga om å sende granskingskommisjonen sin rapport over til Tryggingsrådet med oppmoding om å diskutere ei mogleg tilvising av Nord-Korea til den internasjonale straffedomstolen.

Andre viktige vedtak galdt mellom anna resolusjonen om vald mot kvinner, der fleire tiltak mot straffefridom vart vedtekne. I denne og andre kvinneresolusjonar i Generalforsamlinga vart konsensusen frå befolkningskonferansen i 1994 og kvinnekonferansen i Beijing i 1995 om seksuell og reproduktiv helse og reproduktive rettar stadfesta, noko som er eit viktig framsteg etter at visse land i nokre år har blokkert vedtak om dette. Den første substansielle resolusjonen om barneekteskap vart vedteken. Han inneheld viktige tiltak om korleis kampen mot barneekteskap skal førast. Det vanskelegaste temaet var seksualundervisning.

Resolusjonen om personvern i det digitale rommet vert ståande på dagsordenen til det internasjonale samfunnet. Resolusjonsforhandlingane var krevjande på grunn av usemje rundt dei juridiske reglane og prinsippa knytte til ekstraterritoriell overvaking. Noreg fekk gjennomslag for at resolusjonen uttrykkjer uro for overvaking av menneskerettsforkjemparar.

Rettane til homofile er framleis det desidert vanskelegaste og mest omstridde temaet i komiteen. Det er berre éin resolusjon i Generalforsamlinga der seksuell orientering og kjønnsidentitet vert nemnt og vert røysta over, trass i at resolusjonen handlar om retten til liv og utanrettslege avrettingar. Motstandarane, med Nigeria, Russland og Egypt i spissen, argumenterer med at rettane til homofile ikkje er universelle rettar, men ein preferanse. Difor har temaet ingen plass i FN, hevdar dei. Det var mange som til dømes meinte at ein burde ha stoppa LHBT-resolusjonen, som vart vedteken i Menneskerettsrådet i september. Sør-Afrika spela ei avgjerande rolle for at Afrika-gruppa ikkje gjorde framlegg om dette.

Overordna sett var det ein konstruktiv sesjon med lågare konfliktnivå enn i fjor. Det var færre såkalla «fiendtlege endringsframlegg» i år, og færre resolusjonar totalt. Den tverregionale gruppa som gav oss mest motstand i fjor, hadde ingen fellesposisjonar på resolusjonane i år.

Til saman vart det forhandla fram 55 resolusjonar i 3. komité. 17 av desse vart røysta over. Dei andre vart vedtekne ved konsensus.

3.4 Generalforsamlingas 4. komité (særskilte politiske spørsmål)

Generalforsamlingas 4. komité har ansvaret for særskilte politiske spørsmål, mellom anna avkolonisering, Palestina-spørsmålet, FNs fredsbevarande operasjonar og FNs spesielle politiske oppdrag. I tillegg finst det einskiltståande punkt på dagsordenen til komiteen, til dømes radioaktiv stråling, informasjon og fredeleg bruk av det ytre rommet. Som tidlegare vart det røysta over svært mange resolusjonar og vedtak i komiteen, mellom anna resolusjonane for avkolonisering og for Palestina-spørsmålet.

Mange av talarane i den årlege debatten om fredsoperasjonane til FN var opptekne av dei aukande utfordringane som operasjonane står overfor. Med stadig meir komplekse mandat som skal gjennomførast i land der det stadig sjeldnare finst ein fred å bevare, vert FN i aukande grad oppfatta som eit legitimt åtaksmål. Medan etterspurnaden etter FN-innsats held fram med å auke, slit FN med å rekruttere personell med dei rette kvalifikasjonane og det naudsynte utstyret. Difor var det mange som helsa velkommen initiativet frå Generalsekretæren til ein gjennomgang av fredsoperasjonane. Samstundes var debatten prega av føreseielege skiljelinjer mellom ulike grupperingar av land. Vestlege land ønskjer meir effektive og robuste operasjonar. Den alliansefrie rørsla (NAM) er leiande når det gjeld å fremje ei meir konservativ tilnærming der vektlegginga av suvereniteten til vertslandet står sentralt. Ei interessant utvikling er at i dei seinare åra har dei afrikanske NAM-landa vortne meir støttande til bruk av ny teknologi og robuste mandat. Intervensjonsbrigaden i Kongo er eit døme på dette. Store troppe- og politibidragsytande land er dessutan opptekne av å få auka innverknad i utforminga og revisjonen av mandat og auka økonomisk kompensasjon for personellbidraga sine.

Midtøsten- og Palestina-debatten og handsaminga av dei einskilde resolusjonane følgde eit velkjent mønster. Den prekære økonomiske situasjonen for FN-organisasjonen og for palestinske flyktningar (UNRWA) vart omtala av mange, og særleg var det situasjonen etter krigen i Gaza i sommar som prega debatten. Under spørsmålet om avkolonialisering og debatten om ikkje-sjølvstyrte territorium var det som i tidlegare år sterke motsetnader mellom Marokko og fleire afrikanske land i spørsmålet om Vest-Sahara. Det same galdt tilhøvet mellom Storbritannia og Argentina om Falklandsøyane og mellom Storbritannia og Spania om Gibraltar. Voteringane følgde røystemønsteret frå tidligare år med tilhøyrande røysteforklaringar.

Fleire tematiske resolusjonar, til dømes resolusjonen om FNs spesielle politiske oppdrag (Special Political Missions, SPMs), resolusjonar om det ytre rommet, radiologisk stråling og minetiltaka til FN vart vedtekne utan votering. Nytt i år var at resolusjonen om informasjon vart teken til paragrafvotering på grunn av eit avsnitt om fleirspråksbruk som kunne føre til auka budsjettkostnader. Resolusjonen vart likevel vedteken til slutt, ved konsensus.

Noreg medverka til å synleggjere dei finansielle utfordringane for UNRWA gjennom rolla som rapportør for FNs arbeidsgruppe om finansiering av UNRWA, og framlegging av rapporten for komiteen. Organisasjonen står overfor store utfordringar i samband med kjernebidrag, i tillegg til ytterlegare behov etter Gaza-krigen sommaren 2014 og situasjonen i Syria.

3.5 Generalforsamlingas 5. komité (budsjettspørsmål)

Det vart endå ein krevjande haust i 5. komité. Hovudårsaka er at komiteen har ei stor arbeidsmengd, at han er vorten svært polarisert etter finanskrisa og at han har til dels dysfunksjonelle arbeidsmetodar. Det var likevel noko overraskande at komiteen først kom i hamn den 29. desember, ettersom haustsesjonen på førehand var rekna som relativt sett mindre krevjande en tidlegare sesjonar.

Blant dei store sakene var budsjettramma for 2016–17, budsjett og administrativ støtte til FNs spesielle politiske oppdrag (Special Political Missions, SPMs), og etablering av ei partnarskapseining. I diskusjonen rundt budsjettramma for 2016–17 heldt EU, USA og Japan fram med den harde linja si for å kutte i FN-budsjetta. Dei vil setje eit tak for budsjettet som det ikkje vil vere mogleg for FN å gå over, noko som særleg G77 sette seg imot. Det enda til slutt med eit kompromiss som inneber ein minimal vekst i FN-budsjettet.

Noreg leidde forhandlingane om FNs spesielle politiske oppdrag, der budsjettet utgjer nesten ein fjerdedel av det regulære budsjettet. Budsjettforhandlingane kom i hamn før julaftan, men dei meir krevjande reformforhandlingane vart det dessverre ikkje oppnådd semje om. Her er den største utfordringa at bortimot alle medlemslanda, bortsett frå dei fem faste medlemmene av Tryggingsrådet (P5), vil ha ein ny finansieringsmodell. P5 strittar imot, ettersom dette truleg vil innebere at dei må betale ein større del. Det har ikkje vore mogleg å oppnå semje om dette i fleire år på rad, og presset mot P5 aukar for kvar haust.

Det vart heller ikkje oppnådd semje om å skipe ei partnarskapseining på kontoret til Generalsekretæren, som skulle koordinere alt FN-arbeid med eksterne aktørar, medrekna den private sektoren. Her jobba Noreg tett saman med andre på vestleg side, men G77 stritta imot og kom med motframlegg som ville innebere ei stor innskrenking av handlingsrommet til Generalsekretæren. Generalsekretæren sjølv og dei næraste medarbeidarane hans la elles eit stort press på G77 i denne saka, utan suksess.

Noreg heldt fram arbeidet sitt med å auke løyvingane til menneskerettar over det regulære budsjettet. Frå norsk side vil vi halde fram med å presse på for dette. Men i det noverande klimaet i komiteen, der det er venta at FN skal gjere meir med mindre ressursar, er dette ei svært utfordrande oppgåve.

3.6 Generalforsamlingas 6. komité (rettslege spørsmål)

Under 6. komité i år vart det vedteke 18 resolusjonar, alle ved konsensus. Likevel var komitéarbeidet meir polarisert og arbeidskrevjande enn i tidlegare sesjonar. Ei rekkje tema som før har vore ukontroversielle, vart grundig drøfta. Ikkje minst var arbeidet i komiteen med vern av diplomatiske stasjonar vanskeleg. Forhandlingane var prega av framlegget frå Brasil om å ta med språk om vern av diplomatiske og konsulære stasjonar mot overvaking og innsamling av data, som hadde ein tydeleg brodd mot USA. Sluttresultatet var eit kompromiss der visse moderne utfordringar vart omtala, utan at resolusjonen sitt fokus på fysiske trugsmål vart forstyrra. Arbeidet med rettsstat på nasjonalt og internasjonalt nivå var fastlåst som før, og det er steile frontar mellom vestlege liberale demokrati og ei rekkje statar som legg vekt på suverenitet og ikkje-innblanding. I debatten om universaljurisdiksjon lukkast det for Noreg, saman med fleire andre land, å motverke at prinsippet vart offer for ytterlegare tilbakeslag. I diskusjonane om rapporten frå folkerettskommisjonen var det omfattande støtte til tema som identifisering av internasjonal sedvanerett og vern av miljøet i væpna konflikt, medan få statar var innstilte på handsaming av temaet jus cogens.

Antiterrorarbeid og kampen mot framandkrigarar var tema for fleire møte, både i Tryggingsrådet og i 6. komité. Tryggingsrådet har vedteke viktige resolusjonar med listeføringar av nye individ og einingar på terrorlistene til FN og krav til statane om å gjennomføre ei rekkje tiltak, medrekna grensekontroll, kriminaliseringsforpliktingar og finansielle frystiltak. Det er slåande korleis rolla til president Assad i Syria-konflikten på relativt kort tid er vorten så godt som heilt borte frå drøftingane.

Den internasjonale straffedomstolen (ICC) heldt det 13. statspartsmøtet sitt frå desember, og samla dei 122 statspartane til Romavedtektene for å vurdere fleire saker som er viktige for Domstolen. Noreg tok på seg ei synleg rolle under statspartsmøtet, og Noreg overtok formannskapet for arbeidsgruppa for regelendringar.

Havrettslege spørsmål har stått sentralt, og Noreg har spelt ei aktiv rolle i forhandlingane om dei årlege fiskeri- og havrettsresolusjonane. Forhandlingsprosessen om ein ny gjennomføringsavtale under FNs havrettskonvensjon for å regulere biodiversitet utan statane sin nasjonale jurisdiksjon, er i gang, og Noreg tek aktivt del i dette arbeidet.