Ot.prp. nr. 102 (2002-2003)

Om lov om statleg varekrigsforsikring

Til innhaldsliste

6 Framlegg til lov frå departementet

Departementet legg i dette kapittelet fram sine vurderingar omkring behovet for eit statleg tilbod om varekrigsforsikring og korleis dette kan organiserast mest mogleg formålstenleg.

6.1 Departementet sine vurderingar

Statens varekrigsforsikring er skipa ved lov av 3. desember 1948 nr. 8 om Statens varekrigsforsikring. I § 1 i lova blir det slått fast at staten «overtar transportforsikring mot krigsfare». Departementet meiner det i denne ordlyden synest å liggje ei plikt for staten til å tilby varekrigsforsikring for nærare avgrensa risikosituasjonar.

Om behovet for eit statleg tilbod om varekrigsforsikring

Det er departementet si vurdering at det ikkje er behov for eit statleg tilbod om varekrigsforsikring i normale situasjonar der ein legg til grunn at eit privat forsikringstilbod ligg føre. Samanlikna med andre land er den norske modellen med eit tilbod både i fredstid og krigstid særeigen. Departementet legg til grunn at den private forsikringsbransjen vil kunne tilby varekrigsforsikring dersom det statlege tilbodet fell bort i fredstid.

Ved krig vil alle varetransportar vere utsette for krigsfare frå transporten startar. Verdien av varer og frakt sett i høve til den auka risikoen vil vanskeleg kunne bli dekt gjennom private assurandørar. Truleg vil den samla risikoen vere så stor og så vanskeleg å fastsetje at varetransportar ikkje kan dekkjast etter vanlege forsikringsprinsipp. Private krigsassurandørar sikrar seg derfor med klausular for oppseiing i tilfelle Noreg skulle komme i krig. Tilsvarande omsyn gjer seg gjeldande ved stormaktskrig, då det er truleg at reassuransemarknaden vil bli sterkt avgrensa.

Det er departementet si vurdering at høvet til å kunne teikne krigsforsikring av varetransport i krigstid ville bli avgrensa utan ei eiga norsk ordning for teikning av krigsforsikring. Eit privat tilbod vil truleg falle bort ved alvorleg krise eller krig. Det er derfor naturleg at staten, av beredskaps- og næringsomsyn, kan gje eit tilbod til norsk næringsliv under ein eventuell krig, ved krigsfare eller alvorleg krise i Noreg eller andre delar av verda («ekstraordinære kriseforhold») der norske interesser kan bli påverka. Departementet meiner derfor at ei løysing basert på eit privat tilbod i normale situasjonar og eit statleg tilbod i situasjonar med krise eller krig vil vere tilfredsstillande, både med tanke på beredskapen og økonomisk sett.

Forsyningsberedskap

Innafor forsyningsberedskapen er det eit viktig mål å leggje til rette for maksimal utnytting av industri- og varehandelsressursane i landet med sikte på å dekkje behovet for varer og tenester ved krise og krig. Dette femner m.a. om viktige matvarer, industriråvarer og -komponentar, og varer og tenester og bygg-/anleggsressursar til Forsvaret. Tilsvarande vil det vere viktig for norsk næringsliv og allierte interesser å oppretthalde forsyning/eksport av viktige råvarer som til dømes fiskeprodukt, petroleum og andre industriprodukt. Departementet meiner det er viktig å ha eit system for varekrigsforsikring som gir brukarane tryggleik for at det ligg føre eit tilbod i ein krigs- og krisetilstand. Uvisse rundt dette kan verke hemmande på handelsstraumane i situasjonar der forsyninga kan vere vanskeleg.

Noreg har lange forsyningsliner, noko som gjer at behovet for å sikre forsyningar til landet i ein krisesituasjon er større enn for land på kontinentet. Transport er ein sentral faktor, og norsk sjøtransport vil i ei tryggingspolitisk krise vere viktig for nasjonal og internasjonal varehandel, for innanlands varedistribusjon langs kysten, for flytting av ressursar (t.d. frå Sør-Noreg til Nord-Noreg) og for støtte til Forsvaret innafor totalforsvarskonseptet. I tillegg til sjøtransport er også luft- og landbasert transport viktig for distribusjons- og støttesystema.

Den tryggingspolitiske situasjonen i dag tilseier at Noreg i ein beredskaps-/krigstilstand kan kjøpe dei viktigaste varene på normal måte, men at ein i planlegginga må ta omsyn til mogleg mangel på enkelte varer. Verksemder søkjer i dag å redusere lagra og basere seg på produksjons- og distribusjonssystem der tidsfaktoren er viktig. Trekk ved situasjonen i dag og utvikling innan industrien er internasjonalisering, spesialisering, utstrekt bruk av underleverandørar og «just in time»-prinsippet. Med nokre få unntak er det små lager av viktige matvarer og andre viktige varer i landet. Det er departementet sitt syn at fråvere av krigsrelaterte forsikrings-/erstatningsordningar vil kunne svekkje tryggleiken for forsyning. Varekrigsforsikring er derfor i krigs- og krisesituasjonar eit viktig verkemiddel for å sikre tilførselen av forsyningar til heile landet og sikre norske interesser innan varetransport.

Beredskapslovgiving

Statens varekrigsforsikring er knytt til beredskapssystem gjennom lov av 17. juli 1953 nr. 2 om erstatning for krigsskade på eigedom og interesse (Krigsskadelova). I føresegna om iverksetjing, § 36 andre ledd nr. 4, er det vist til Statens varekrigsforsikring. Det går fram av føresegna at føresegnene i lov om Statens varekrigsforsikring gjeld uendra til Kongen fastset noko anna. Med framlegg om ei ny lov om statleg varekrigsforsikring må tilvisinga til den gamle lova frå 1948 i § 36 andre ledd nr. 4 takast ut. Departementet kan heller ikkje sjå at det er naudsynt at det blir vist til den nye lova om statleg varekrigsforsikring i Krigsskadelova.

Mot slutten av 1940-talet og 1950-talet fekk ein eit sett av beredskapslover, som i krigstid eller når krig trua, men også i fredstid, gav styresmaktene fullmakt til å sette i verk planlegging av beredskapstiltak, t.d. gjennom Forsyningslova av 1956. Sjølv om varekrigsforsikring ikkje direkte kan samanliknast med tiltak etter desse beredskapslovene, er det viktig at styresmaktene har eit sett av verkemiddel, som til saman skal sikre eit forsvarleg beredskapsnivå, ut frå den tryggingspolitiske situasjonen som ligg føre.

Forsikringsverksemdslova, EØS-direktiva for forsikring og forsikringsavtalelova

Statens varekrigsforsikring fell inn under EØS-avtalen, men er unntatt frå forsikringsverksemdslova. Departementet har bedt om vurderingar når det gjeld den føreslegne ordninga i høve til lover og forsikringsdirektiv.

Etter dei råda som ligg føre, kan ein konkludere med at forsikringsverksemdslova ikkje gjeld, etter som statleg varekrigsforsikring som foreslått i ny lov er ei ordning som er styrt av staten, jf. forsikringsverksemdslovas §13-1.

Varekrigsforsikring fell i prinsippet inn under m.a. EØS-avtala, men tryggingsunntaket i EØS-avtalas artikkel 123 c) og dei relevante frihandelsavtalene gir høve til å treffe tiltak som annars vil kunne vere i strid med avtalene. Ein legg til grunn att tryggingsunntaket dekkjer dei situasjonar som varekrigsforsikringa tek sikte på.

Departementet kan ikkje sjå at tilbodet om statleg varekrigsforsikring vil fortrengje andre private forsikringstilbod. Departementet konkluderer såleis med at forsikringsdirektiva heller ikkje gjeld. Ordninga vil såleis ikkje vere undergitt tilsyn frå Kredittilsynet. Beredskapsordninga vil først bli aktivert når eit privat forsikringstilbod ikkje ligg føre eller ikkje er tilstrekkeleg, slik at den føreslegne ordninga truleg ikkje vil vere mogleg å forsikre i den private marknaden.

Vi legg til grunn at forsikringsavtalelova ikkje gjeld med mindre anna vert fastsett i medhald av § 5 i lova.

6.2 Val av modell

Organisasjonsform

I val av organisasjonsform for eit nytt beredskapssystem er det teke omsyn til ei effektiv utføring av dei oppgåvene som er lagt til beredskapssystemet og som gjer det mogleg å få ei rask og fleksibel administrativ tilpassing til ein situasjon med høg risiko.

Eit godt beredskapssystem kan ein få ved at det blir etablert ein beredskapsorganisasjon i form av eit forsikringsforum i regi av Nærings- og handelsdepartementet. Forumet vil inkludere representantar med forsikringsfagleg kompetanse. Det er og viktig med omsyn til dei interessene næringslivet (brukarane) har.

Forumet vil i normale situasjonar ha som oppgåve å vere oppdatert om utviklinga på forsikringsområdet generelt og for varekrigsforsikring spesielt. Ei anna oppgåve vil vere å overvake marknaden i situasjonar med krise eller krig og gi råd til departementet om å setje i verk ei ordning med statleg varekrigsforsikring dersom utviklinga i den private marknaden skulle tilseie det.

Den nye beredskapsorganisasjonen vil ha eit eige sekretariat og vil inngå i den totale kriseorganisasjonen i departementet. Sekretariatet vil m.a. ha til oppgåve å halde ved like det som blir kravd for å etablere varekrigsforsikring i statleg regi.

Om styringsmodellen i beredskapsordninga

Beredskapsforumet vil ha ei rolle som rådgjevar overfor departementet og vere ein del av den samla kriseorganisasjonen i departementet. Departementet vil få ei sterkare rolle i takt med eit aukande krisenivå, og spesielt dersom den private marknaden for varekrigsforsikring ikkje kan halde fram med normal verksemd.

I tilfelle der Kongen vedtek å etablere eit tilbod om statleg varekrigsforsikring ut frå framlegget til lov, bør det etter departementet sitt syn utnemnast eit styre som byggjer på eit førebudd opplegg og med fullmakt til å leie den daglege verksemda. Styret må og ha forsikringsfagleg kompetanse og ha basis i beredskapsforumet.

Styret vert utnemnt ved kgl. res fremja av Nærings- og handelsdepartementet, men slik at departementet fastset samansetjinga av styret. Styret skal sjå til at forvaltninga av verksemda er tilfredsstillande organisert og syte for den daglege drifta av statleg varekrigsforsikring. Styret skal melde frå til departementet om dei økonomiske tilhøva knytte til verksemda og utføre oppgåver på vegner av departementet. Det faste sekretariatet skal og vere sekretariat for styret.

Det er departementet sitt ansvar å trekkje styret og sekretariatet inn i kriseorganisasjonen i departementet når det er naudsynt.

Eit spørsmål er behov for å gje ei føresegn om plikt til å la seg oppnemne i styret til varekrigsforsikringa, ut over heimel i lov av 14. desember 1956 nr. 7 om forsynings- og beredskapstiltak. Departementet har vurdert det slik at det ikkje vil vere føremålstenleg å nytte heimel for utskriving t.d. i ein situasjon der det ikkje er krig eller krise i Noreg.

6.3 Vilkår

Ved vurdering av om ein skal tilrå å aktivere eit tilbod om statleg varekrigsforsikring bør ein etter departementet si vurdering leggje vekt på:

  • om krig, krigsfare eller alvorleg krise kan hindre varetransport og varehandel og omfatte norske interesser

  • om det private forsikringstilbodet kan komme til å falle bort, ut frå vurderingar i så vel norske som utanlandske verksemder.

Departementet vil i si vurdering og ta omsyn til generelle risikovurderingar og konsekvensar for viktig næringsverksemd. Det er såleis ikkje utan vidare slik at ein vil tilrå å aktivere eit tilbod om statleg varekrigsforsikring sjølv om det er vesentlege endringar i det private forsikringstilbodet. Departementet må gjere ei brei vurdering . Ut frå same vurdering vil ein tilrå å avslutte tilbodet om statleg varekrigsforsikring dersom dei vilkår som er nemnde ikkje lenger er til stades.

I lovframlegget er omtalt krig, krigsfare eller ekstraordinære kriseforhold som eit vilkår som må vere oppfylt for å tilrå vedtak om aktivering av statleg varekrigsforsikring. Etter departementet sitt syn er det ikkje mogleg med presise definisjonar av desse omgrepa, men det er viktig med tilstrekkeleg fleksibilitet i forhold til moglege situasjonar nasjonalt og internasjonalt, t.d. også «asymmetrisk krigføring», samtidig som ein ikkje tek sikte på å utvide verkeområdet for varetransportforsikring.