Ot.prp. nr. 102 (2002-2003)

Om lov om statleg varekrigsforsikring

Til innhaldsliste

3 Gjeldande rett i Noreg

Organisering

Varekrigsforsikring er forsikring av varer under transport mot farar knytte til krig eller krigsliknande handlingar. I Noreg er denne typen forsikring organisert m.a. gjennom Statens varekrigsforsikring med eit eige styre. Fram til 1. april 1994 hadde Statens varekrigsforsikring eigne tilsette som forvalta forsikringsordninga. Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) overtok administrasjonen av ordninga frå 1. april 1994, etter avtale av 15. november 1993. Statens varekrigsforsikring har ikkje eigne tilsette. Tenester knytte til forvaltning av ordninga vert kjøpte frå GIEK. Tilbod om forsikring blir gitt gjennom agentar, dvs. private forsikringsselskap.

Tilbod i freds- og krigstid

Varekrigsforsikring vert vanlegvis teikna i tillegg til vanleg transportforsikring, som ikkje dekkjer krigsrisiko. Dagens modell gir eit statleg tilbod om varekrigsforsikring både i fredstid og krigstid. Ordninga gir eit tilbod om varekrigsforsikring til norsk næringsliv i fredstid som kan førast vidare utan opphald dersom det blir fare for krig. I krigstid femner ordninga om inngrep av framand statsmakt når inngrepet heng saman med krig eller krigsliknande forhold. Tap som skuldast inngrep av eiga statsmakt blir ikkje erstatta. I fredstid gir forsikringa eit tilbod om å forsikre verdiane mot krigsrisiko til eigarar av varer under transport gjennom område prega av krig.

Dekningsområde

Statens varekrigsforsikring gir tilbod om transportforsikring som femner om både sjøtransport, landtransport og lufttransport.

Dei norske vilkåra har tradisjonelt vore utforma i samarbeid med dei norske forsikringsselskapa, slik at dei saman med dei sivile transportforsikringane gir ei fullstendig løysing. Den vanlegaste måten å dekkje krigsrisiko på, er i form av ein eigen polise som er knytt til ei sivil transportforsikring. Krigsdekninga for varetransport vart ytterlegare tilpassa sivildekninga i 1996, slik at den følgjer heile transporten. Den kan derfor omfatte alle typar transport, omlasting og lagring som er dekt av sivildekninga.

Kapitalbase

Sidan ordninga vart oppretta har kapitalen i selskapet auka. I 1999 vart 1,5 mrd. kroner av ein kapitalbase på til saman 2,4 mrd. kroner betalte inn til statskassa, jf. St. prp. nr. 1 (1998-99) frå Nærings- og handelsdepartementet. Ordninga vart ført vidare med ein kapitalbase på 900 mill. kroner.

Pr. 31. desember 2002 var eigenkapitalen i overkant av 1,25 mrd. kroner. I 2003 vert det tilbakeført 1,15 mrd. kroner til staten. Samstundes er det gitt ei trekkfullmakt for Nærings- og handelsdepartementet på 1 000 mill. kroner for å dekkje eventuelle erstatningsutbetalingar. Det er att likvide midlar på om lag 160 mill. kroner under ordninga. Departementet legg til grunn at dei plikter som no gjeld vil bli avvikla i 2003. Ein kan ikkje heilt sjå bort frå at plikter i høve til omsetningspolisar kan føre til utbetalingar i 2004.

Rekneskapen for 2002 syner at dei samla brutto premieinntektene var på om lag 1,4 mill. kroner. Administrasjonsgebyret til GIEK utgjorde 1,8 mill. kroner. Det var ikkje skadeutbetalingar i 2002. Det er heller ikkje utbetalt erstatning frå fondet i 2000 og 2001.

I statsbudsjettet for 2003 er det lagt til grunn at det frå 2003 ikkje vil bli gitt nye tilsegner. Departementet har bedt om å bli informert dersom ein skulle komme i ein situasjon der styret i Statens varekrigsforsikring vurderer det som aktuelt eller naudsynt å inngå nye polisar.