Ot.prp. nr. 102 (2002-2003)

Om lov om statleg varekrigsforsikring

Til innhaldsliste

7 Synet til høyringsinstansane

Høyringsnotat om lov om statleg varekrigsforsikring vart ved brev av 25. februar 2003 sendt til:

  • Finansdepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Justis- og politidepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Den Norske Krigsforsikring for Skib

  • Finansnæringens hovedorganisasjon

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

  • Garanti-Instituttet for Eksportkreditt (GIEK)

  • Statens varekrigsforsikring v/GIEK

Utkast til odelstingsproposisjon vart ved brev av 5. mai 2003 sendt til dei departementa som er nemnde ovanfor.

Ingen av høyringsinstansane har innvendingar mot forslaget om at statleg varekrigsforsikring blir etablert som ei beredskapsordning. Det er heller ingen vesentlege innvendingar mot innretning og verkeområde, sjølv om det har kome kommentarar i forhold til t.d. «ekstraordinære kriseforhold» og «norske interesser». Det er og stilt spørsmål ved om det er rett å opprette beredskapsordningar som ikkje er i funksjon i det daglege.

Finansdepartementet hadde merknader av budsjetteknisk art når det gjeld fullmakt til å inngå avtaler om forsikringsansvar og løyving i høve til Løyvingsreglementet. Desse merknadene er teke omsyn til i kap. 8. Andre forslag frå høyringsinstansane om økonomiske forhold, t.d. å setje av beredskapsfond, er såleis ikkje tekne til følgje.

Det er vidare teke omsyn til merknader av lovteknisk art frå respektive Finansdepartementet, Justisdepartementet og Forsvarsdepartementet, m.a. er deler av lovutkastet i høyringsforslaget teke ut av lovteksten og innarbeidd i tekstdelen.

Uttaler i forhold til forsikringsverksemdslova, forsikringsdirektiva i EØS-avtala og forsikringsavtalelova er gitt frå respektive Finansdepartementet/Kredittilsynet, Utanriksdepartementet og Justis- og politidepartementet. Desse uttalene er lagt til grunn i kap 6.1 i denne proposisjonen.

Statens varekrigsforsikring har m.a. peika på at med omsyn til det styret som skal utnemnast når den nye ordninga blir aktivert, er det viktig at interessene til så vel industrien og handelen som forsikringsnæringa blir ivaretekne.

GIEK har i høve til etablering av eit sekretariat peika på at GIEK kjenner driftsform og vilkår for varekrigsforsikring godt etter administrasjon av SVK frå 1994, og har det tekniske apparatet for å kunne drifte ei beredskapsordning slik som skissert av departementet.

Merknad frå departementet

Når det gjeld noko ulike syn i høve til verkeområde og avgrensing av «ekstraordinære kriseforhold» har departementet teke inn i teksten enkelte tilføyingar. Departementet legg vekt på at det ved iverksetjing av lova må finne stad ei vurdering og tilråding der også andre departement kan fremje synspunkt.