Ot.prp. nr. 115 (2001-2002)

Om lov om endringar i inkassolova

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget om å innføre reglar om klagenemnd for inkassosaker har ikkje i seg sjølv økonomiske og administrative konsekvensar. Derimot vil opprettinga av ei klagenemnd ha slike konsekvensar. Som nemnt byggjer lovforslaget på at ei klagenemnd vert oppretta gjennom privat initiativ.

Justisdepartementet har fått opplyst at Norske Inkassobyråers Forening og Forbrukarrådet reknar med at drifta av nemnda sitt sekretariat kvart år vil koste om lag 1 million kroner. Denne kostnaden skal dekkjast av dei inkassoforetaka som er tilknytt nemnda. I tillegg til dette kjem godtgjersle til dei fire nemndsmedlemmene og leiaren av nemnda. Godtgjersle til leiaren skal delast likt mellom Norske Inkassobyråers Forening og Forbrukarrådet. Kvar av partane dekkjer godtgjersla og andre utgifter til dei to nemndsmedlemmene som dei sjølve utpeikar. Ved grove brot på kravet til god inkassoskikk i § 8 kan vedkomande inkassoforetak påleggjast å betale nemnda sine sakskostnader i den aktuelle saka, jf. lovutkastet § 25.

Opprettinga av ei eller fleire inkassoklagenemnder vil truleg medføre at Forbrukarrådet, forbrukarkontora og inkassoforetaka i ein viss mon får frigjort ressursar som i dag går med til klagehandsaming. Ved at ein får kanalisert klagesaker inn i nemndssystemet er det grunn til å tru at dei nemnde instansane kan bruke mindre tid på slike saker. Forbrukarrådet har antyda at mellom 250 og 300 forbrukarar vil ta kontakt med nemnda kvar månad. Av desse reknar ein med at ca. 10 % vert følgt opp i form av ein skriftleg klage, og at ca. 10 % av dei skriftlege klagane vil ende opp i ei realitetsavgjerd.

Forslaget om at klagenemndene kan oversende fråsegner til Kredittilsynet, kan ha visse konsekvensar for Kredittilsynet. Sjølve gjennomlesinga av fråsegnene vil neppe ta særleg lang tid. I den grad Kredittilsynet meiner at fråsegnene gir grunnlag for bruk av sanksjonar, må det følgjast opp i form av konkrete saker mot dei aktuelle inkassoforetaka eller personar som er knytt til desse. Dette vil krevje at Kredittilsynet set av tilstrekkelege ressursar til handsaming av slike saker. Det er på førehand vanskeleg å vite i kva grad ei rapporteringsordning vil føre til auka tilsyn og auka bruk av sanksjonar frå Kredittilsynet si side.