- Brasil ein viktig partnar for Norge

Statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde la vekt på det nære energisamarbeidet mellom Norge og Brasil då ho innleia under eit rundebordsmøte i samband med den brasilianske presidenten, Michel Temer sitt besøk til Norge.

Rederiforbundet og NHO var vert for rundebordsmøtet torsdag, der også utanriksminister Børge Brende og statssekretær Dilek Ayhan i Nærings- og fiskeridepartementet deltok.

- Brasil er den største offshoremarknaden i verda og er ein av dei største marknadane for norsk leverandørindustri. Norsk næringsliv har bevist at dei er langsiktige i Brasil både gjennom opp- og nedturar. Gjennom fleire tiårs erfaring på norsk sokkel har den norske industrien opparbeida seg spisskompetanse som er sterkt etterspurt også i Brasil, seier statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde.

 Rundebordsmøte med Brasils president i lokala til Rederiforbundet (foto:UD).

- Både Norge og Brasil har store olje- og gassressursar offshore, og møter mange av dei same utfordringane i sektoren. Vi har også felles interesse av å utvinne ressursane så effektivt som råd. Vi har allereie eit omfattande samarbeid innan forsking og teknologiutvikling, og vil bruke dette besøket til å knytte enda tettare band mellom våre to land, seier Tybring-Gjedde.

Utanom USA er Brasil det einaste landet der Norge har eit formalisert, bilateralt samarbeid innan forsking og utvikling i petroleumssektoren. Det har også vore tett kontakt på politisk nivå det siste året.

Brasil var i 2015 den tredje største marknaden for den norske leverandørindustrien til olje og gass, med ein omsetnad på 26 milliardar kroner. Subsea er eitt av dei største segmenta for dei norske selskapa.