Historisk arkiv

Vil ha eiga opplæring for rektorar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

- Vi veit at skuleleiing har stor innverknad på læring og læringsmiljø. Derfor får vi frå neste haust ei eiga opplæring for rektorar, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell som i Bergen i dag er med på skuleleiarkonferansen til Utdanningsforbundet.

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell- Læraren står ikkje aleine i arbeidet sitt, men er ein del av fellesskapet i skulen, leia av rektor. Vi veit at skuleleiing har stor innverknad på læring og læringsmiljø. Derfor får vi frå neste haust ei eiga opplæring for rektorar, dersom Stortinget sluttar seg til forslaget vårt.

Dette seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell som i Bergen i dag er med på skuleleiarkonferansen til Utdanningsforbundet.

I stortingsmeldinga om kvalitet i skulen, som vart lagd fram i juni, varsla regjeringa ei eiga utdanning for skuleleiarar frå og med hausten 2009. Utdanninga skal vere eit tilbod til nytilsette rektorar, men også rektorar som ikkje allereie har slik utdanning vil få tilbodet. 

Les meir om konferansen og sjå talen til statsråden på nettstaden til Utdanningsforbundet